Frivilligsentralen i Stord har eit sterkt behov for fleire leksehjelparar. Det er mange elevar på ungdomsskuletrinna som har behov for slik hjelp. Er du t.d. ein pensjonert lærar som har lyst å undervisa litt på friviilig basis, er du rett og slett midt i blinken for oss. Eller om du er lærarstudent, kan dette vera ein fin måte å få ekstra praksis på.

Om du har lyst til å bli leksehjelpar kan du ta kontakt med Stord frivilligsentral v/Anne Line Innvær på tlf. 473 90 849. Eller du kan kan senda ho ein e-post her.

Denne aktiviteten skjer på Stord ungdomsskule kvar måndag frå kl. 14.00 til kl. 16.00 og er open for alle ungdomsskuleelevar i Stord kommune. Du treng ikkje møta kvar måndag, men om du har tid no og då er det fint. Pizza er inkludert.