I dag inviterte 2.trinn til den tradisjonsrike adventsamlinga i gymsalen. På grunn av den vanskelege tida me er inne i, fekk berre 1.trinn vera publikum, men foreldre og føresette og resten av elevane på skulen skal få sjå opptak av den flotte framsyninga.
Elevane presenterte eit flott program, dei hadde lært seg mange flotte songar, og dei sette oss i skikkeleg adventsstemning med lystenning og tekstar om merkedagar i desember. I tillegg hadde dei med seg ein ekte trubadur på gitar, takk til Endre Olsen!
 
Tusen takk til den sjarmerande gjengen på 2.trinn og til dei vaksne på trinnet, dette var skikkeleg kjekt!
 
Advent 1Advent 2.tr.jpg3.jpgAdvent 2.tr.jpg 2.jpgadvent 5.jpgadvent 6.jpg