Nordmenn elskar båt- og badeliv. Det finst over 900 000 fritidsbåtar i Noreg, og vi bruker dei gjerne heile sommaren. Ikkje rart at vi er opptekne av korleis vêret skal bli i morgon, for det er ikkje noko kjekt dersom det skiftar raskt når ein er på sjøen. Men det er ikkje berre bølgjer som kan vere ei utfordring. Båtføraren må òg kunne lese kart og merking, vite kva han skal gjere ved motorstopp, klare å leggje til ved holmar og kjenne vikepliktsreglane.

I minst kvart femte dødsfall i samband med bruk av fritidsbåt er det alkohol og ruspåverknad involvert. Det er påvist at sjølv låg promille (under promillegrensa på 0,8) påverkar oss i ein slik grad at vi blir dårlegare båtførarar. Konsentrasjonsevna blir redusert, og dermed òg reaksjonsevna. Vi blir meir risikovillige.

Ved å ta nokre enkle forholdsreglar når ein planlegg båtturen, er ein betre rusta og førebudd dersom noko uføresett skulle skje. Her er nokre enkle tips frå alkovettorganisasjonen AV-OG-TIL:

  • Vel éin båtførar som held seg edru også til heimturen når de tek båten til festival, grilling på holmar eller hyttenabobesøk.
  • Lær deg sjøvettreglane og vikepliktsreglane på sjøen.
  • Vestpåbod eller ikkje – alle bør ha vesten på under turen. Det hjelper lite å ha vesten under dekk dersom uhellet først er ute.
  • Lær deg kart og merking, så kan du trygt navigere deg fram dit du skal. Då unngår du å krenkje vernesoner, og du unngår grunner og skjer.
  • At det er pinleg å bomme på bryggja, er det minst farlege som kan skje dersom du har promille til sjøs. Vent med ankerdrammen til turen er avslutta og båten er fortøydd.
  • Når du drikk alkohol, blir dømmekrafta di svekt, og det blir vanskelegare å vurdere til dømes avstand i vatn. Du får òg lågare kroppstemperatur. Derfor er sjølv ein liten dukkert ein dårleg idé dersom du har drukke.
  • Meld frå til politiet om uvettig køyring eller ved mistanke om promillekøyring. Ring 02800.
  • Dersom du eller andre er i nød, be om hjelp på VHF, kanal 16. Alle som har VHF, har lytteplikt. Båtar i nærleiken kan komme til unnsetning. Du kan ringje Kystradioen på 120, så alarmerer dei Hovudredningssentralen. Du kan òg ringje politiets nødnummer – 112.

- Det kan vere utfordrande å føre ein båt. Når ein drikk alkohol, blir utfordringane større – og nokre gonger uoverkommelege. Sjøvett og alkovett heng tett saman, seier Randi Hagen Eriksrud, generalsekretær i alkovettorganisasjonen AV-OG-TIL og Klar for sjøen-samarbeidet, der mellom anna Redningsselskapet, politiet og ulike båtforeiningar er med.

Stord er ein AV-OG-TIL-kommune og jobbar for å bli kvitt dei unødvendige båtulykkene som kjem av promillekøyring. I juli vil kommunen synleggjere bodskapen for båtgjestene i Leirvik hamn, og støtte kampanjen i sosiale medium.

Les meir om båt og promille på https://avogtil.no/tema/fritidsbater/.

Sjå kampanjefilmen her:

Look Who's Docking Now! from AV-OG-TIL on Vimeo.