Målgruppa for tilbodet er yngre personar (under 70 år) med demenssjukdom. Me har erfart at dei tilboda kommunen har i dag, i liten grad vert nytta av yngre personar med demenssjukdom og deira pårørande. Samstundes veit me at å få ein slik diagnose, kan vera ei stor belastning både på den som har fått diagnosen og næraste pårørande.
Kva er ambulerande dagaktivitets/avlastingstilbod
Det er no etablert ei prosjektgruppe som arbeider med innhaldet i tilbodet.
Me ser for oss at to tilsette vil følgje opp 3-6 deltakarar to dagar i veka i utprøvingsperioden.
Innhald i aktivitetstilbodet vil vere individuelt tilpassa. Det kan vere éin-til-éin tilbod, eller i små grupper.
Me ønskjer å få til samarbeid med verksemder, lag og organisasjonar som har aktivitetar som kan vera av interesse for målgruppa. Fysisk aktivitet vil naturleg inngå i tilbodet.
Utprøvinga vil starta i månadsskiftet august/september.
Ta kontakt
Me er interessert i å komme i kontakt med personar som har behov for og ønskjer oppfølging av demenssjukdomen sin.
Ta kontakt med:
Demensrådgjevar Randi Huglen på e-post randi.huglen@stord.kommune.no eller på tlf. 534 96 737
Sakshandsamar Siri Skram Farestveit på e-post siri.skram.farestveit@stord.kommune.no eller på tlf. 534 96 600 (sentralbord)
Prosjektleiar Britt Sørensen Dalsgård på e-post britt.dalsgaard@stord.kommune.no
Alle som tek kontakt, vil bli vurdert i høve prosjektet, ev. vist vidare til andre kommunale tenester.