Vedlikehaldsarbeidet vil innebere montering av ekstra lodd og graving/spyling av leidning i elvebotn.

Stord Jæger- og Fisk og Ådlandsvassdraget Fiskelag har gjeve innspel på akseptable tidsrom for gjennomføringa mtp fiskevandring.

Arbeidet er venta å føregå i overkant av ei veke og vil vera avslutta innan utgongen av mai. Det er ikkje knytt vesentleg støy eller ureining til tiltaket, men ein må forvente sediment i deler av elva dei dagane arbeidet føregår.

Alle grunneigarar som grensar til traseen er informert om arbeidet. Informasjon til turgåande vil komme som oppslag på relevante stader langs traseen.

Tiltakshavar: Lerøy Vest - Stord Smolt
Entreprenør: Aquasub
Kontakt: Multiconsult, mob 908 46 841