I samband med arbeidet på leidninga vert deler av grøntanlegget på Nysæter sperra av. Området rundt sandstranda ved grøntanlegget vert ikkje råka. Leidninga er ca. 2,9 km lang og vert dratt ut over Storavatnet etter kvart som den vert sveisa saman. Stord kommunalteknikk oppmodar alle til å la leidninga liggje i fred under arbeidet. Dette gjeld både på land og på vatnet.