Målsetning: Avgrensa smittespreiing av virus blant tilsette og tenestemottakarar

Dokumentet er utarbeida som ein del av tiltaka Stord kommune set i verk i høve smittespreiing av koronavirus, Covid-19. WHO har erklært pandemi, og Stord kommune tek risiko for smittespreiing på høgste alvor. Målsettinga med tiltaksplanen er eit verktøy for oppslag og hjelp til å handtere ulike sider ved smittevernstiltak blant kommunens tilsette. 

Strakstiltak og barrierar

Stord kommune har fleire tiltak som skal hindre smittespreiing. Den viktigaste er at me oppmodar alle tilsette og leiarar å følgje til ei kvar tid gjeldande retningslinjer frå offentlege styresmakter, FHI og Stord kommune sine nettsider.

Strakstiltak gjeld frå 12.mars og til anna beskjed:

  1. Tenestereiser i inn- og utland skal avlysast eller utsetjast
  2. Seminar og fagsamlingar arrangert av Stord kommune vert avlyst dersom dei ikkje kan gjennomførast som telefon- og videomøte
  3. Tilsette som har oppgåver som kan løysast via mobil eller PC vert oppmoda om bruk av heimekontor inntil vidare i samråd med leiar
  4. Utvida rett til eigenmeldt fråvær til inntil 16 dagar
  5. Arbeidsgjevardokument som retningsgivande for spørsmål og svar for tilsette

2.1 Beredskap 

Me føl til ei kvar tid Stord kommune sine retningsliner. Dette dokumentet er per idag arbeidsgjevar sitt overordna dokument for å avgrensa smittespreiing og trygga både tilsette og tenestemottakarar.

Overordna koordineringsgruppe i Stord kommune følgjer utviklinga løypande og iverksett tiltak i forhold til utviklinga.

Tiltak i alle einingar/lokasjonar

3.1 Informasjon til alle tilsette

Det er utarbeida eit dokument for informasjon til tilsette i høve situasjonen, og denne nettsida vil verta løpande oppdatert. 

 

3.2 Helse og hygiene tiltak

Den viktigaste barrieren vår er vårt eige omsyn me tek i kvardagen. Oversikta nedanfor tek for seg nokre av dei viktigaste områda me kan justere eigen åtferd.

Tiltak Ansvar
  • Vask hendene og ha gode hoste og nyse rutinar
  • Ver bevisst -  unngå å ta deg til ansiktet
  • Hald større avstand  - unngå handhelsing og klemming
  • Sette dørar opne om mogleg, dette for å unngå å ta i mogleg smittekjelde som dørvridarar er
Alle

Me oppmodar alle tilsette om å gjennomføre ei dagleg sjølvvurdering, før du går på jobb

  1. Er eg forkjøla?
  2. Har eg feber?
  3. Kan eg pusta djupt inn og halda pusten i 10 sek uten å hosta og føla ubehag eller trykk i lungene?
  4. Har ein i familien min symptom som gjer at eg må vera ekstra varsam?

Dei som svarar positivt på ein eller fleire av spørsmåla over held seg heime og kontaktar næraste leiar. Syner elles til spørsmål og svar i høve tilsette som etter retningsliner skal i karantene eller isolasjon. 

Alle

I tillegg er det utarbeida lokale prosedyrar for korleis reinhald og hygienetiltak skal ivaretakast på den einskilde eining. Ulike prosedyrar i høve smittevern finn ein her:  https://s5.klos.no/system.php?ok=51m430pxhb9rzvf&modul=cdoc&item=19275366 

3.3. Karantene

Me føl retningslinjer frå FHI og smittevernlege i vertskommune.

Heimekarantene gjeld for følgjande grupper: 

  • Personar som har vore i nærkontakt til person som har fått påvist covid-19
  • Peronar som har vore i land som vert omfatta av karantenebestemmelsane (Smittevernråd ved reise)

Personar som er i karantene og som får symptom på luftvegsinfeksjon skal ha heimeisolasjon inntil ein er frisk, og minimum 14 dagar etter karantenen starta. Heimekarantene er for å hindra/bremsa smittespreiing. 

Dersom ein person er definert å vera i heimekarantene, og er sjuk, vil ein ha anledning å nytta eigenmelding. Utvida rett til eigenmelding er omtala i kapittel 4.

 

3.4 Isolasjon

Følg retningslinjer frå FHI og smittevernlege i vertskommune.

Eksempel frå Stord kommune:

Personar som er stadfesta smitta av koronavirus eller ventar på prøvesvar, skal ikkje forlata heimen. Dei skal helst vera i eit anna rom enn dei andre og det må utøvast skjermingstiltak så langt det let seg gjera. Smitta personar må vera utan symptom i 6-8 dagar før isolasjon vert avslutta.

Dei andre i heimen er nærkontaktar og har heimekarantene.

 

3.5 Reinhald

Det vert auka vask på flater vi tar ofte på, og alle må ta eit ansvar for at dette vert lagt til rette for. Det vert venta at situasjonen kan bidra til at prioriterte bygg får hyppigare vask enn andre. Kommunen føreset at alle einingar gjennomfører eigen vurdering for korleis dei kan bidra til auka reinhald på kontaktoverflater.

Tema Ansvar Dato/gjennomført
Auka vask på prioriterte bygg  SKE reinhald 12.03.20

Sørge for vask/desinfisering av kontaktflater, 2 gonger dagleg:

  • Rekkverk
  • Døropnarar
  • Kodetastatur dørar
  • Heisknappar
  • Eventuelt fleire, definerast av eininga
Leiar på eininga 12.03.20
Sørge for tilstrekkeleg moglegheit for god handhygiene.  Leiar på eininga  
Heng opp gode råd for god hygiene på synlege stadar i eininga Leiar på eininga  

Det er utarbeida eigen reinhaldsplan for barnehage og skule, i tråd med smittevernsvegleiaren frå Helsedirektoratet i høve opning av barnehage og skule for 1.-4.trinn. 

3.6 Arbeidsreiser

Alle tenestereiser i inn- og utland skal avlysast eller utsetjast. Seminar og samlingar arrangert av Stord kommune skal avlysast eller gjennomførast som telefon- eller videomøte. 
Helsepersonell har fått forbod om reiser til utlandet frå nasjonale mynde, også privatreiser. Dette forbodet gjeld førebels ut april. 

 

3.7 Private reiser

Kommunen har ikkje adgang til å pålegga tilsette restriksjonar for fritidsreiser. Me har imidlertid ei klar forventning om at tilsette opptrer ansvarleg når det kjem til reisemål, og at ein ikkje reiser inn i smitteområder eller på anna måte utsett seg for unødig eksponering.

Helsepersonell som jobbar med personretta tenester er pålagt reiserestriksjon for utanlendsreiser førebels ut april 2020. Me ber om at du informerar om dine planlagde reiser til leiar.

Me oppmodar til bevissthet rundt bruk av kollektivtransport og unngå dei mest passasjertette avgangene.

 

3.8 Møteaktivitet

Alle politiske møter er avlyst, førebels til og med mars månad. Elles gjeld følgjande restriksjonar knytt til møteaktivitet: 

  • Reduser besøkjande til absolutt minimum
  • Unngå møteaktivtet med eksterne
  • Interne møter skal i størst mogleg grad gjerast som telefon/video-møte
  • Unngå/reduser reiser mellom lokasjonar til eit absolutt minimum

 

3.9 Heimekontor

Stord kommune sine tilsette skal i størst mogleg grad jobbe frå heimekontor. Dersom du ikkje har full tilgang til alle systema du jobbar i heimefrå må du ta med deg din jobb-laptop kvar dag. Hugs straumkabel. Ver venleg forsøk å logge på heimefrå ved første høve for å sikra at dette fungerer. Dersom det oppstår problem, ta kontakt via IT Helpdesk.
Tilsette som ikkje har anledning til å jobbe heimefrå i en karantenesituasjon, skal kontakte sin lege for å undersøka rett til sjukemelding, eller nytta utvida rett til eigenmelding. 
Oppgåver som kan løysast via heimekontor skal avtalast i samråd med leiar. 

Du finn pålogging til heimekontor her: https://heime.stord.kommune.no/Citrix/XenApp/auth/login.aspx 

 

3.10 Næringsmiddelhygiene

All servering av mat skal avgrensast til det som er ytst naudsynt. Det skal gjennomførast eigen vurdering kring tiltak i einingar med matservering. Aktuelle einingar skal gjennomføre ROS-vurdering grunna høgrisiko for smittespreiing gjennom matlaging og servering. 

 

3.11 Lokale der fleire tilsette samlast

Fleire av lokasjonane våre har ulike forsamlingslokaler. Til dømes kantine, fellesareal for tenestemottakarar med vidare. 
Inntil vidare vil alle desse lokala vera stengt for å unngå situasjonar der fleire  tilsette er samla på same tid. 

Garderobar skal i all hovudsak kun nyttast til omkledning, og det må i all hovudsak leggast til rette for at kvar einskild tilsett har eige garderobeskåp. Dersom det ikkje er mogleg, SKAL garderobeskåp som vert nytta av fleire desinfiserast etter kvart bruk. Einingane må innføra reglar for bruk av garderobe som begrensar bruken så mykje som mogleg. 

 

3.12 Treningsrom

Dersom eininga har eigne treningsrom, vert desse definert som forsamlingslokale og vert inntil vidare stengt.  

 

3.13 Skjerming av personell

Alle einingar skal gjera ei vurdering kring skjerming av personell. Det kan bli aktuelt å skjerma deler av dei tilsette, ut frå ei konkret vurdering. Ved skjerming av kritisk personell, må det også gjerast ei vurdering for eventuellt biarbeidsgjevarar. 

Nedanfor er ei enkel kartlegging og ROS-vurdering til bruk for alle avdelingar og einingar. Det er viktig å presisere at denne tek utgangspunkt i at De leverer ei teneste som ikkje under nokon omstende kan avviklast - heller ikkje for ein periode over fleire døger.

Føresetnad for ROS-vurderinga:

  1. Me har ei teneste som må vera operativ
  2. Alle problemstillingar skal vurderast i høve risiko for felles kontaktflater mellom tilsette eller tenestemottakarar

 

Kartlegging og enkel ROS-vurdering kritisk personell
Problemstilling S K R
Tilsette har felles garderobeskap      
Tilsette køyrer fleire personar i same bil      
Tilsette køyrer same bil som andre      
Arbeidsstaden har områder som tenestemottakar brukar      
Tilsette har ikkje anledning til å halde anbefalt avstand (1 meter)      
Før opp fleire problemstillingar om naudsynt......      

S - Sannsyn    K - konsekvens    R - risikoverdi (K*S)


Farge Risikoverdi Forklaring
Grøn 1-4 Hendinga er vurdert utan risiko, og ytterlegare tiltak er ikkje påkrevd
Gul 5-9 Hendinga er vurdert med risiko for skade på personar. Tiltak må vurderast, og iverksetjast så snart som mogleg
Raud Over 10 Hendinga er vurdert med stor risiko for skade på personar. Tiltak må setjast i verk umiddelbart. Arbeidsoppgåver kan ikkje gjennomførast utan tiltak. 

Akseptkriterier (vurderingskriterie)
Sannsyn Forklaring Konsekvens Forklaring
1 Ingen sannsyn vurdert 1 Ingen konsekvens vurdert
2 Førekjem månadleg (1-4 gg) 2 Personar kan smittast om ikkje ein føl grunnleggjande FHI retningslinjer 
3 Førekjem vekentleg (1-4 gg) 3 Personar kan smittast sjølv om ein føl FHI retningslinjer
4 Førekjem dagleg (1-4 gg) 4 Personar vert smitta, og det er kjent at andre er smitta på same måte 
5 Førekjem heile tida 5 Personar vert smitta

 

Ved bruk av risikovurdering som metode for avgrensing av smitte, skal ein framleis nytte gjeldande framgongsmåte for ROS-vurdering i kommunen. Denne finn du i Compilo. 
Vurder aktuelle tiltak for å redusere sannsynet for at hendingane oppstår. Alle einingar og avdelingar som skal vera operative må gjera denne vurderinga for å oppretthalde drift. 

 

3.14 Intern varsling i Stord kommune

Dersom tilsett som har kontor/jobbar/vore besøkande i kommunen sine einingar vert sett i karantene eller vert diagnostisert med Covid-19 skal det varslast til næraste leiar. Einingsleiar fører statistikk for eiga eining, og rapporterar til HMT leiar Stord kommune, Jon Eirik Kvalnes jon.eirik.kvalnes@stord.kommune.no ved slutten av månaden. 
Det vert også synt til kommune sine retningslinjer kring varsling til smittevernlegen dersom ein sjølv mistenkjer smitte. 

 

Utvida rett til eigenmelding

Eigen sjukdom/karantene

Det er i Stord kommune utvida rett til eigenmelding. Det vil sei at tilsette kan nytta eigenmelding opp mot 16 dagar samanhengande. Skjema for eigenmelding er tilpassa dette, og det skal meldast frå på eigenmeldingsskjema om eigenmeldinga gjeld fråvær grunna koronasmitte. 

Reglane for eigenmelding skal vera i tråd med dei allereie gjeldande reglane, og inneber blant anna at eigenmelding kun kan nyttast for eigen sjukdom. Dersom sjukefråværet går ut over 16 dagar, må den tilsette ha sjukemelding frå lege. 

Dersom ein tilsett må i karantene etter gjeldande retningslinjer frå FHI, kan det nyttast eigenmelding for perioden dersom ikkje kommunen kan leggja til rette for arbeid heimefrå (sjå også pkt. 5.9)

Barns sjukdom/karantene

Omsorgsdagar (eigenmelding barns sjukdom) kan nyttast ved fråvær frå arbeid grunna sjukdom eller karantene. Det er viktig at kommunen si innmelding for eigenmelding barns sjukdom vert nytta i registreringa. 

Spørsmål og svar

Frå 12.mars vart alle barnehagar og skular stengt i Noreg. Det vil sei at me vil ha fleire tilsette som vil ha vanskar med å utføre arbeid på grunn av ekstraordinært omsorgsbehov. 
Me vil oppmoda tilsette om å nytta skjønn, og i størst mogleg grad søke løysing innafor eiget arbeidsområde. Endringar kan kome fortløpande dersom råd frå nasjonale mynde tilseier det. 
Spørsmål og svar er i stor grad henta frå KS sine anbefalte råd til kommunar som arbeidsgjevar. 
 
Spørsmål som vil koma – og kva gjeld? 
 

5.1 Har eg rett på løn når eg må vera heime frå jobb på grunn av smitte?

Svar: 
Tilsette som er heime grunna sjukdom, vil ha rett på løn etter Folketrygdlova § 8-4 første ledd. Sjukfråvær knytt til koronasmitte, gir rett til sjukepengar. Me oppmodar tilsette til å nytte utvida rett til eigenmelding framom legetenesta dersom ein vurderer å vera sjuk av andre grunnar. 
Dei første 16 dagane kan også nyttast dersom ein mistenker at ein kan vera smitta, eller dersom ein har vore i kontakt med personar med kjent smitte (satt i karantene). 


5.1b Har eg rett på løn når eg må vera heime frå jobb på grunn av stengt barnehage/skule? 

Svar:
Tilsette som er heime på grunn av stengt barnehage/skule og har omsorg for born under 12 år, vil ha rett til å nytte omsorgsdagar (sjukt barn-dagar) i inntil 20 dagar. Vanlege reglar gjeld, slik at dersom du er åleine om omsorgen eller har utvida rett til omsorgsdagar, har du 40 dagar, og dersom du har meir enn to born under 12 år, har du 30 dagar. Viktig å merke seg at dette gjeld for begge foreldra, og dersom det krevs, må ein dela på å vera heime. 

Tilsette som er heime, og kan gjennomføre noko av arbeidet sitt frå heimen, kan bli pålagt heimekontor. 

 

5.2 Har arbeidsgjevar rett til å pålegge meg arbeid i ein situasjon der arbeidsplassen min vert stengt? 

Svar: 
Ja, tilsette vert oppmoda om å ha låg terskel for å legge til rette for heimekontor, mest mogleg video-/telefonmøter og avgrense unødig kontakt. Det er venta at fleire tilsette må vera heime grunna ekstraordinært omsorgsansvar, og alle tilsette må i denne situasjonen vera rusta til å bidra der kommunen vil trenge arbeidskapasiteten. Det vil seie at tilsette kan oppleve å bli plassert på andre arbeidsplassar enn dei vanlegvis har. 
Omdisponering av tilsette skal vera heimla i ei vurdering av naudrett. 

5.3 Kan eg velja å vera heime sjølv om eg ikkje har eit ekstraordinært omsorgsansvar?

Svar: 
Det vert ikkje gitt høve til å vera heime frå arbeid utan vidare, til trass for eventuell smittefare. Me oppmodar igjen tilsette som har heimekontor, om å ha låg terskel for å nytta dette. 
Tilsette som på eige initiativ vel å halda seg heime, og som sjølv ikkje er smitta eller antas å vera smitta av koronaviruset etter vurdering frå lege, har ikkje rett på sjukepengar.
 

5.4 Kan eg vera heime med mine barnebarn og framleis ha rett til omsorgspengar?

Svar: 
Eit barn med utvida omsorgsbehov, vil kunne ha rett til pleiepengar etter Folketrygdlova. Det gir anledning til at tilsette kan vera heime med løn, også med barnebarn. 
Stord kommune vil legge til rette for at besteforeldre kan vera heime med sjukt barnebarn dersom foreldre/føresette innehar ein funksjon som tilseier at dei må vera på jobb. Det er viktig å presisere at dette gjeld barn som er sjuk av andre årsaker enn koronasmitte. 
 

5.5 Kan arbeidsgjevar pålegge meg å unngå planlagde reiser? 

Svar: 
Nei, kommunen kan ikkje pålegge tilsette å unngå planlagde reiser. Me oppmodar på det sterkaste at tilsette utviser skjønn i sine vurderingar, og vil i størst mogleg grad fråråde utlandsreiser. 
Helsepersonell som jobbar med personretta teneste er pålagt reiseforbod til utland. Dette er gjeldande ut april 2020.  
 

5.6 Kan arbeidsgjevar pålegge meg å endra ferieavviklinga min? 

Svar: 
Ja, ferieloven gir arbeidsgjevar anledning til å gjera endringar på ferieavviklinga dersom det vert definert som naudsynt.  
 

5.7 Kan arbeidsgjevar pålegge meg arbeid ut over det som er avtalt (meirarbeid, overtid)?

Svar: 
Ja, dersom det føreligg eit særleg og tidsavgrensa behov, kan arbeidsgjevar pålegge tilsette å arbeide ut over avtalt og alminneleg arbeidstid.  
 

5.8 Kan arbeidsgjevar pålegge meg heimekontor? 

Svar: 
Ja, arbeidsgjevar kan pålegge tilsette heimekontor med målsetting om avgrensing av smitte. Stord kommune vil i størst mogleg grad legge til rette for heimekontor. 
 

5.9 Korleis skal eg gå fram dersom eg må vera i karantene etter dei nasjonale retningslinjene? 

Svar:
Dersom du må vera i karantene, skal du gje melding om dette til næraste leiar via telefon/sms. Det blir då lagt opp til at du jobbar heimefrå dersom det er mogleg. Du har anledning å nytta utvida eigenmelding eller omsorgsdagar for barn i perioden dersom du eller born vert sjuk. Dersom du ventar på prøvesvar, er du definert som isolert og alle i husstanden skal vera i karantene fram til prøveresultatet er klart. Dersom det er positivt, inntrer reglane om isolasjon. Ved negativt svar kan helsepersonell gå på jobb som vanleg eitt døgn etter resultatet er klart. Ikkje-helsepersonell skal halde karantene i 14 dagar uavhengig av testresultat. 
 

5.10 Kva gjer me i eininga dersom kollega er blitt satt i karantene, og har vore på jobb fram til nyleg? 

Svar: 
Dersom ein av dine kollegaer er satt i karantene, har det i utgangspunktet ingen konsekvens for kollegaer. Dersom den tilsette har symptomer, og vert testa for Convid-19, vil tilsette og eventuelt tenestemottakarar få varsel om karantene dersom testen er positiv. Positiv test hjå kollega, vil etter smittesporing sannsynleg bety at nokre kollegaer kan bli kontakta.  
 

5.11 Kan eg jobba i Stord kommune sjølv om eg har bustad i anna kommune, og dagpendlar? 

Svar:
Det er førebels ingen restriksjonar for pendling mellom kommunar. Det er viktig for oss at du tek naudsynte førehandsreglar og føl retningsliner frå FHI ved reise. Det vil blant anna sei at ein bør dersom det er mogleg unngå kollektiv transport, halde avstand til andre reisande og elles ha god hoste- og handhygiene. Det går altså fint at du dagpendlar dersom ein tek vanlege førehandsreglar. 

 

5.12 Kan eg jobba i mi vanlege stilling og eventuelt ekstravakter sjølv om eg har arbeid hjå andre arbeidsgjevarar eller einingar/avdelingar? 

Svar:
Det er førebels ingen restriksjonar på arbeid hjå ulike arbeidsgjevarar. Det er viktig at du ikkje tek med deg smitte mellom arbeidsstad og heim, eller mellom arbeidsstadar. Det vert best sikra ved gode smitteverntiltak på arbeidsplassen, samt at du til ei kvar tid føl FHI sine anbefalte retningsliner. Etterspør gjerne kva smitteverntiltak som gjeld på din arbeidsplass dersom du ikkje er kjend med det. 

Lenke til andre "Spørsmål og svar"-sider

Her kjem ei oversikt over andre aktørar som har publisert spørsmål og svar tenester: