Sjukepleiarteamet fekk pris for innovasjon og nytenking 2023

Under kommunestyret i dag, 19. desember, vart pris for innovasjon og nytenking delt ut til heimebaserte tenester sitt sjukepleiarteam. Prisen skal påskjøna og motivera til nytenking og innovasjon innanfor kommunen.


Blant 7 kandidatar vant sjukepleiarteamet prisen. Grunngjevinga er at teamet:

  • har ein ny måte å fordela oppgåver på og utføra arbeidet
  • har betra kvalitet og effektivitet på tenestene 
  • har eintydig positiv omtale, samt at fråværet vart redusert
  • er i tråd med nasjonale føringar og framtidstenkande med tanke på demografi 

I tillegg er metodikken overførbar til andre einingar i kommunen.

Dette inspirerer til å halda fram, tusen takk, sa einingsleiar Gina Kittilsen.

Kvart år kan tilsette melda inn kandidatar til pris for innovasjon og nytenking. Prisen skal tildelast ein eller fleire personar/einingar som gjennom sitt arbeid eller sine forslag medverkar til effektivisering, fagleg utvikling og/eller til betra trivsel og arbeidsmiljø i kommunen.  

Det er Administrasjonsutvalet som er jury. Prisen er kr 10 000 og eit kunstverk med verdi inntil kr 10 000.


Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?