Forbetringskampanje
Den første forbetringskampanjen i 2024 har fokus på nærvær. Første tema gjeld for perioden 1. januar til 3. mars.
Har DU gode forslag til korleis me kan auke nærværet i kommunen?
Sidan 24 august 2023 og avspark for nærværsprosjektet, har me i kommunen hatt auka fokus på nærvær. Me ønsker oss ein kultur der dei tilsette kjem til leiaren sin før legen. På avsparket ble dykk introdusert for LTV rutina: Rutine LTV møter (leiar-tillitsvalt-verneombud) - Compilo (ksx.no)
Har DU forslag til korleis me kan auke nærværet i kommunen? Eksempel på forslag kan vere innan:
• Organisering, planlegging og gjennomføring av arbeidet.
• Rolleklarhet
• Leiing og støtte
• Autonomi
• Samarbeid og kommunikasjon
• Arbeidsoppgåver
• Tilrettelegging
• Handtering av sjukefråvær
• Partssamarbeid
• IA-Pakka har samla mykje gode tips: IA-pakka – alt om IA-avtalen på ett nettsted - Idébanken (idebanken.org) Lenke til et annet nettsted.
Arbeidsmiljø et felles ansvar som treng kontinuerleg vedlikehald og utvikling. Lista er lang til kva ein kan setja fokus på. Gjennom forbedringskampanjen vil me sikre medverknad og involvering. Gjennom kampanjen heiar me på alle forslag som kjem, og det er ei klar målsetting å få gjennomført fleire av dei!
Til beste forslag!
Registrer ditt forslag i Compilo, og di avdeling/eining er med i trekking av eit gåvekort på 1500 kr som eit tilskot til eit sosialt tiltak!
I midten av mars vil ein jury kåre det beste forslaget blant alle som er kome inn.
Kjenner du til vår prosedyre for sjukefråvær?
Rutine - oppfølging av sjukemeldte - Compilo (ksx.no) Lenke til et annet nettsted.
Sist oppdatert
