Gir god service til personar med demenssjukdom
Dressmann, Boys of Europe og Pepper Hårstudio AS fekk i går bevis på at dei har delteke på kurs for å gi god service til personar med demenssjukdom.
Verksemdene kom med gode tilbakemeldingar om det var eit nyttig kurs.
Dersom di verksemd ønskjer kurs kan du ta kontakt med Hilde Susann Hystad Aadland på e-post: haa@stord.kommune.no
Tips for god kommunikasjon
Ved å bli møtt med respekt og forståelse, vil personar med demenssjukdom og deira pårørende oppleva tryggleik, friheit og verdigheit.
Her er nokre tips for god kommuniksjon:
- Ver bevisst på måten du snakkar
- Bruk korte setningar
- Tydelig, konkret språk
- Spør om ein ting om gongen, og vent på svar
- Sørg for gjensidig kontakt
- Ver positiv og respektfull
- Kroppsspråk verkar langt betre enn ord; eit smil og augekontakt er viktig
- Ver ei støtte. Oversjå feil, ver raus og velvillig innstilt i kommunikasjonen. Prøv å forstå det som er meint, ikkje berre det som er sagt
- Leit etter meininga i orda. Tolk ansiktsuttrykk, gester og handlingar for å forstå kva den andre ønskjer å fortelja
Sist oppdatert
Fann du det du leita etter?
