Skal kartleggja gravide og nybakte mødre si psykiske helse

Å ta vare på den psykiske helsa til gravide kvinner og nybakte mødre er ein avgjerande del av ei god helseteneste. Helsestasjonen startar difor opp med Edinburgh Postnatal Depression Scale (EPDS) som er kartlegging av fødselsdepresjon.
På sjølve kvinnedagen markerer helsestasjonen innføringa av EPDS, og er ivrige etter å setja i gong kartlegginga.
Me startar opp kartlegginga allereie måndag 11. mars 2024. Det er kjent at 10-15 % av kvinnene som er gravide eller nybakt mor får fødselsdepresjon i ulik skala. Kartlegginga er basert på at mødrene fyller ut eit skjema hjå jordmor i veke 20 i svangerskapet, og så fyller dei ut same skjema åtte veker etter fødselen, hjå helsesjukepleiar. Målet er å oppdaga teikn til depresjon tidleg, slik at me kan førebyggja ev. utvikling ved setja inn hjelpetiltak, seier leiande helsesjukepleiar Jorunn Hystad.
EPDS er eit anerkjent og påliteleg verktøy laga for å oppdaga tidlege teikn på psykiske helseplagar hos gravide kvinner og nybakte mødre. Verktøyet gir ei rask og enkel identifisering av moglege psykiske helseutfordringar, og ved å fanga opp symptom legg ein til rette for tidleg hjelp og støtte. Som ei vidareføring av dette har førebyggjande tenester samarbeidd med spesialisthelsetenesta (BUP og DPS) om å laga gode tenesteforløp for dei som måtte trenge det.
Helsestasjonen ønskjer vidare og styrkja kommunikasjonen mellom mødre og helsepersonell ved å skapa ein omsorgsfull atmosfære for heile familien, blant anna ved å tilby støtte og rettleiing.
Med denne tilnærminga kan me tilpassa tiltak for å imøtekoma individuelle behov og gi god omsorg. Føremålet er også at EPDS skal bidra til å redusera stigmatisering rundt psykiske helseutfordringar ved å integrera det som en naturleg del av svangerskaps- og fødselsomsorga. Den psykiske helsa til mødre er like viktig som den fysiske helsa, seier familierettleiar Tonje Skorpen.
Førebyggjande tenester ved helsestasjonen har fleire tilbod til foreldre; Baby blues, Engstelege barn - trygge vaksne, og foreldrerettleiingskurs (COSP)
Sist oppdatert
