Leirvik  skule er ein 7- delt barneskule med om lag 365 elevar og skulefritidsordning.

Assisterande rektor (ID 1401)

Leirvik skule har ledig 100 % fast stilling som assisterande rektor.

Ved tilsetting legg me vekt på:

  • Evne til å inspirera, motivera og engasjera medarbeidarane

  • Positive haldningar og evne til å leia utviklingsarbeid

  • Fleksibilitet, samarbeidsevneog relasjonskompetanse

  • Kompetanse innan IKT og erfaring med administrative verktøy

  • Evne til å løysa praktiske utfordringar i kvardagen

Den som blir tilsett i stillinga, må kunna arbeida sjølvstendig og vera fleksibel i høve til arbeidsoppgåver og arbeidstid.
Fordeling av administrasjonsressurs og arbeidsoppgåver som elles skjer i samråd med rektor.
Det kan verta aktuelt med noko undervisning i stillinga.

Den som vert tilsett må leggja fram politiattest. J.fr. Opplæringslova § 10-9

Løns - og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande kommunalt avtaleverk.

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast.
Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista.
Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju.

Spørsmål vedrørande stillinga kan rettast til rektor Bjarte Bongom tlf. 93057857

Søknadsfrist: 25.05.2018

Søk på stilling