Alkohol og servering
Kunnskapsprøve om alkohollova: Kr 400
Skjenkeløyve, tidsavgrensa: Kr 340
Skjenkeløyve for alkoholgruppe1, 2 og 3: Min. kr 4 800
Salsløyve alkoholgruppe 1: Min. kr 1 540
Servering, etablerarprøve: Kr 400
Serveringsløyve, søknad om: Ikkje gebyr
Barnehagar
Tre dagar pr. veke: Kr. 2 162 pr. månad. obs! Frå 01.08.19 kr 2 198 per månad.
Fem dagar pr. veke: Kr. 2 990 pr. månad. obs! Frå 01.08.19 kr 3 040 per månad.
Stord kommune tilbyr berre plassar 3 og 5 dagar i veka.
Søskenmoderasjon
Stortinget har vedteke nasjonal minimumssats for søskenmoderasjon. Det vert gjeve 30% søskenmoderasjon frå og med søsken nummer to og 50% søskenmoderasjon frå og med søsken nummer tre. Dersom søsken går i ulike barnehagar i Stord kommune (t.d. privat og kommunal) gjeld same reglar for søskenmoderasjon.
Spesialpedagogisk hjelp
Spesialpedagogisk hjelp som vert gjeven etter § 19 A i Barnehagelova skal det ikkje betalast for.
Økonomisk støtte
Foreldre med låg betalingsevne kan søkja om økonomisk støtte til barnehageplass. Det er særskilde retningsliner for dette.Les meir om å søkja økonomisk støtte til barnehageplass her.
Andre opplysningar
- Rekning på barnehageplass vert sendt ut frå Stord kommune. Det skal betalast for 11 månader. Juli er betalingsfri. Private barnehagar fakturerer sjølv.
- Fråtrekk for langvarig og alvorleg sjukdom hos barn kan søkjast om til leiar i barnehagen der barnet går. Leiar/styrar gjer vedtak i saka etter ei samla vurdering av situasjonen. Vedtaket kan klagast på, jfr. Forvaltningslova.
Eigedomsgebyr
Kommunale eigedomsgebyr for vanleg bustad (61-200 m2)
Vassavgift | Årsavgift vanleg bustad | kr 4 536 |
---|---|---|
Vassavgift | Tilknytingsavgift | kr 25 000 |
Avlaupsavgift | Årsavgift vanleg bustad | kr 4 316 |
Avlaupsavgift | Tilknytingsavgift | kr 25 000 |
Slamtømming | Årsavgift bustad (4 m3) | kr 576 |
Slamtømming | Årsavgift fritidsbustad (4 m3) | kr 300 |
Renovasjon | Standard løysing SIM | kr 2 018 |
Renovasjon | Kommunal eigendel | kr 50 |
Eigedomsgebyr for andre bygningsgrupper
Vass- og avlaupsavgift
Avgiftene er gruppert etter bygningsgrupper i nasjonalt register for bygningar (GAB) og Norsk standard (NS) 3457. Avgifta vert berekna ut frå bruksareal, per bustadeining. Avgifta er todelt med ei abonnementsavgift og ein variabel del for kvar bustadeining. For dei som har vassmålar vert den variable delen rekna etter målar/stipulert forbruk. Alle prisar er eksklusive MVA.
Bygningsgrupper
- 11. Einebustad
- 12-14 Tomannsbustad, rekkehus, større bustadbygg
- 15 Bygning for bufellesskap, bu- og servicesenter, studentheim o.l.
- 16-17 Hytte/fritidshus og tappepunkt
- 18, 21-44 Industri/næringsdrivande o.l. (forretning, verksemd, kontor, driftsbygning, naust o.l.)
- 21-84 Industri o.l. over 200 m2 målt etter forbruk (krav om vassmålar)
Gruppe | BRA | Vatn abonnement | Vatn variabel | Vatn sum | Avlaup abonnement | Avlaup variabel | Avlaup sum |
---|---|---|---|---|---|---|---|
11 | Opptil 60 m2 | 2 332 | 1 023 | 3 355 | 2 287 | 936 | 3 223 |
61 - 200 m2 *1 Vanleg bustad | 2 332 | 2 204 | 4 536 | 2 287 | 2 029 | 4 316 | |
11-14 | Opptil 60 m2 | 2 332 | 1 023 | 3 355 | 2 287 | 936 | 3 223 |
61 - 200 m2 *1 | 2 332 | 2 204 | 4 536 | 2 287 | 2 029 | 4 316 | |
15 | Inntil (per) 4 hyblar u. vassmålar |
2 332 | 2 204 | 4 536 | 2 287 | 2 029 | 4 316 |
16-17 | Hytte | 2 332 | 1 023 | 3 355 | 2 287 | 936 | 3 223 |
18 21-44 |
Opptil 60 m2 | 2 332 | 1 023 | 3 355 | 2 287 | 936 | 3 223 |
61-200 m2 *1 | 2 332 | 2 204 | 4 536 | 2 287 | 2 029 | 4 316 | |
21-84 *2 | Krav om vassmålar |
9 326 | 9 326 | 9 074 | 9 074 |
* Fotnotar til tabell for vatn og avlaup:
1. For eining over 200 m2 bruksareal utan vassmålar, tillegg per m2:
- Vatn kr 18,24
- Avlaup kr 16,82
2. Halv abonnementsavgift for industri o.l. over 200 m2:
Ved lite vassforbruk kan det etter søknad gjevast halv abonnementsavgift. Vilkår er eit gjennomsnittleg forbruk siste 3 år på mindre enn 100 m3/år. Vatn og avløp etter målt mengde (m3).
Tilknytingsavgifter
For tilknyting til kommunal vassforsyning eller avlaup, må det søkjast på særskilt skjema. Søknad må vera godkjent og avgifta betalt før tilknyting skjer. Eingongsgebyr for tilknyting vert likt for alle abonnentar med inntil 2” tilknytingsleidning til vatn. Ved tilkopling med større dimensjonar, vert det rekna tillegg i avgifta.
Tilknytingsavgift skal reknast for kvart bygg etter reglar som for årsavgifter. Meirverdiavgift kjem i tillegg.
3.1 Bustader/Fritidsbygg
- Vatn: Kr 25 000
- Avløp: Kr 25 000
3.2 Industribygg
- Vatn: Kr 25 000
- Avlaup: Kr 25 00
3.3 Større leidningsdimensjon, tillegg i avgifta
- 3 – 4” leidning: Kr 30 000
- 5 – 6” leidning: Kr 60.000
3.4 Naust/tappepunkt
- Vatn: Kr 25 000
- Avlaup: Kr 25 000
3.5 Mellombelse tilkoplingar
Ingen tilknytingsgebyr. Alle kostnader med tilkopling/fråkopling skal dekkjast av eigar/festar av eigedomen. Mellombels tilknyting gjeld for opp til eitt år. I særskilde tilhøve er det høve til å søkja om vidareføring.
Tøming slamavskiljar
Årsavgift
- Heilårsbustad 0-4 m3 (tøming annakvart år.) kr 576
- Hytte/fritidshus 0-4 m3 (tøming kvart 4. år) kr 300
MVA kjem i tillegg.
Minirenseanlegg skal ha tøming kvart år. Ekstra tøming/tilleggsarbeid vert fakturert direkte frå SIM.
Betalingssatsar for slamtøming av fellestank og tankar med større volum finn du her (Sim) - NB! SIM sine prisar er inkl- MVA
Renovasjon
Sunnhordland Interkommunale Miljøverk (SIM) er skipa for å ivareta innhentinga og avfallsdeponeringa i distriktet. Alle husstandar skal sortera avfallet i bioavfall, papiravfall og restavfall. Føremålet med kjeldesortering er å ta vare på ressursane i avfallet, og unngå miljøulemper på fyllplassen.
Standardløysing for bustad
- Abonnementsgebyr kr 825
- Dunk for bioavfall kr 350
- Dunk for papir kr 175
- Dunk for restavfall kr 668. Alle restavfallskundar vil få same pris som gjeld for same dunktype med tøming kvar 4. veke heile året. Frå 9. april 2018 vil alle få utvida tilbodet til tøming kvar 2. veke, med same pris.
Totalt for husstand som vel standardløysing er kr 2 018 + MVA
Betalingssatsar for andre renovasjonsløysingar finn du på SIM sine nettsider
Ekstrasekk for restavfall kan kjøpast i rådhuset for kr. 35 per stk (inkl. tømingsavgift og mva)
Eigedomsskatt
Gjeldande takstar for eigedomsskatt:
Kommunestyret har vedteke at eigedomsskattetaksten skal reduserast med kr 400 000 pr. godkjent bueining.
Kommunestyret har vidare vedteke ein eigedomsskatt for bustad, fritid og landbruk på 2,5 ‰, og for ubygde tomter og næring på 5 ‰ av eigedomsskattegrunnlaget.
Feiing og tilsyn
Bustader
Feieavgift og tilsyn per hus per år (maks 2 piper): Kr 666
Industri/forretningsbygg
Feieavgift: Kr 833
Anna arbeid/feiing etter medgått tid: Kr 649 per time.
Meirverdiavgift kjem i tillegg.
Graving i kommunal veg/eigedom
Gebyr for sakshandsaming, administrasjon og kontroll i samband med gravearbeid i kommunal veg eller eigedom j.m. side 19 i Retningslinjer for framføring av kablar, leidningar og graving i kommunal veg i Stord kommune.
Gebyra er som følgjer:
- Handsamingsgebyr kroner 1 740 per graveløyve. Ved større grave/anleggsarbeid vil gebyret for handsaming av søknaden bli fastsett utfrå medgått tid.
- Kontroll kroner 463 for gravearbeid inntil 10 kvadratmeter. For større arbeid kjem det eit tillegg på kroner 47 per kvadratmeter.
- Forfall av vegen kroner 47 per kvadratmeter*. Gebyr som skal dekka forfall av vegen vert ikkje kravd der det vert lagt nytt vegdekke i full breidde, til dømes på fortau og ved store gravearbeid.
* Gebyr som skal dekke forfall av vegen vert ikkje kravd der det er lagd nytt vegdekke i full bredde, til dømes på fortau og veg store gravearbeid.
Hamneavgift
Avgiftsregulativet byggjer på Hamnelova sine §§ 21 -24 samt dei forskrifter som fiskeridepartementet har knytta til Hamnelova sin avgiftsdel. Prisane er eksklusiv meirverdigavgift. Norskregistrerte farty skal betala meirverdigavgift. Hamneavgifter er i samsvar med lov om hamner og farvatn m.m. av 17. april 2009 nr. 19.
Her finn du gjeldande hamneavgifter
Båtplass i småbåthamna
Storleik på båten | Kvartal | Halvår | År |
---|---|---|---|
Under 20 fot | kr 1 188 | kr 2 376 | kr 4 753 |
F.o.m. 21 til 25 fot | kr 1 600 | kr 3 200 | kr 6 400 |
F.o.m. 26 til 30 fot | kr 2 047 | kr 4 148 | kr 8 296 |
Over 30 fot (pr. fot) | kr 104 | kr 208 | kr 416 |
Storleik på båten | Plassavgift |
---|---|
Under 14 fot | kr 266 pr. mnd |
Frå 14 til 20 fot | kr 523 pr. mnd. |
Frå 20 til 25 fot | kr 650 pr. mnd. |
Frå 25 til 30 fot | kr 783 pr. mnd. |
Frå 30 til 40 fot | kr 1 047 pr. mnd. |
Frå 40 til 50 fot | kr 1 308 pr. mnd. |
Frå 50 til 70 fot | kr 1 568 pr. mnd. |
Over 70 fot | Etter avtale |
- Straum kr 2,50 pr. kw.t + moms.
- Leige minimum 1 månad.
- Korttidsleige er frå 1. oktober til påsken startar påfølgjande år.
- Frå sesongstart ved påske til 1. oktober skal det ved gjestebryggene betalast kr 250 opp til 40 fot og kr 350 for båtar over 40 fot.
- Bruk av båten som bustad skal avtalast skriftleg med hamnesjefen.
Båt opptil 40 fot | kr. 250 per overnatting |
---|---|
Båtar over 40 fot | kr. 350 per overnatting |
Bruk av serviceanlegget og tilkopling til straum er inkludert i kaiavgifta. Betaling på automat. Utanom sesongen kan serviceanlegget opnast etter avtale.
Helse og omsorg og rehabilitering
Heimebaserte tenester
Stord kommune sine betalingssatsar skal til ei kvar tid vera i samsvar med:
- Forskrift til lov om kommunale helse- og omsorgstenester
- Rundskriv – presisering av regelverk for eigenbetaling for helse- og omsorgstenester
- Gjeldand rundskriv om fribeløp og eigendelar for kommunale pleie- og omsorgstenester
- Rundskriv I - 1/2019 om endring av fribeløp og eigenandeler for kommunale helse-og omsorgstenester
Det er ingen eigenbetaling for følgjande tenester:
- Personretta tenester (heimesjukepleie)
- Avlasting
- Støttekontakt
Praktisk bistand og opplæring
Husstanden si nettoinntekt | Abonnement | Timepris |
---|---|---|
Inntil 2G | 210 | 0 |
2G - 3G | 1808 | 452 |
3G - 4G | 2712 | 452 |
4G - 5G | 3614 | 452 |
5G - 6G | 4520 | 452 |
Over 6G | 452 |
*Sjå oversikt over grunnbeløpet i folketrygda (G) her.
Minstepensjonistar betalar i samsvar med forskriftene, f.t. kr. 210 per mnd., uansett timetal.
Brukar med nettoinntekt under 6G betalar abonnement. Brukarar med nettoinntekt over 6G, betalar timepris. Ingen tenester skal kosta over kr. 452 per time. Tidsforbruket vert runda opp til næraste halve time.
Satsane vert rekna ut på grunnlag av husstandens samla skattbare nettoinntekt før særfrådrag. Dette betyr at sjølv om det berre er ein person i husstanden som mottek hjelp, vil innntekta til ei evt. ektefelle eller sambuar verta lagt til brukaren si inntekt. Inntekt til barn under 18 år skal også reknast med, dersom det er barnet som mottek hjelpa.
Tryggleiksalarm, nøkkelboks og velferdsteknologi
Tryggleiksalarm er eit lågterskeltilbod, som vert innvilga som ei kommunal teneste til alle som har søkt, utan behovsprøving. Alle betaler eigenandel for tryggleiksalarm.
Velferdsteknologi omfatter ulike sensorar eller hjelpemiddel som kan tryggje brukar og pårørande, samt effektivisere tenestene. Når slik teknologi er behovsprøvd og vert tildelt i staden for helsetenester er det ikkje tilleggsbetaling for slik teknologi.
Dersom teknologien ikkje er behovsprøvd, vert brukar fakturert for faktisk kostnad for kommunen.
Tryggleiksalarm per mnd. Sim kort er inkludert | kr 240 |
---|---|
Etableringsgebyr tryggleiksalarm | kr 500 |
Etableringsgebyr nøkkelboks | kr 750 |
Dagtilbod for personar med demens
Eigenbetaling kr. 172 per dag.
Betalinga skal skje ut frå vedtak. Det kan gjerast frådrag for fråvær utover ei veke.
Knutsaåsen omsorgssenter og Backertunet heildøgnsomsorg
Personretta tenester (heimesjukepleie): ingen eigenbetaling
Praktisk bistand (sjå over)
Mat: kr. 4 005 per mnd.
Vask av tøy: kr. 970 per mnd.
Husleigesatsen ved Knutsaåsen omsorgssenter og Backertunet heildøgnsomsorg vil verta prisjustert med auken i KPI-indeksen (konsumprisindeksen). Melding vert sendt bebuarane.
Institusjon
Følgjande betalingssatsar gjeld for opphald på institusjon:
Korttidsopphald/rehabiliteringsopphald
Kr. 165 per døgn. Etter 60 døgn betaling som for langtidsopphald.
Langtidsopphald
75% av grunnpensjon og 85% av andre inntekter.
Avlastingsopphald
Ingen eigenbetaling for opphold.
Betalingssatsane for opphald i Stord kommune sine institusjonar er i samsvar med gjeldande Forskrift om vederlag for opphald i institusjon m.v.
Eigenbetaling for førebyggjande tenester og lågterskeltilbod
Utlån av kommunale hjelpemiddel |
kr 400. Eigenandel for ein leigeperiode uavhengig av antal hjelpemidlar. Utlånsperiode er 3 mnd. |
---|---|
Frisklivtenester | kr 300 per frisklivsresept |
Fallførebyggande kurs | kr 300 |
Serviceoppdrag | kr 300 per time |
Transport av hjelpemiddel | kr 300. Me vil ikkje ta eigenandel for utkjøring av dei største og mest kompliserte hjelpemiddel der me ikkje kan forvente at ein kan flytte sjølv. Det er også gratis å få montert utstyr ein søkjer om til Nav, som til dømes støttestenger, tekniske anlegg som hørselshjelpemidlar osv. |
Handtak | kr 200 |
Handtak m/montering | kr 500 |
Ved manglande oppmøte til avtalt time til fysio- og ergoterapi | kr 250 |
For gruppetreninga som einingane driv | kr 300 per semester |
Varmtvassbasseng terapi | kr 100 per time |
Varmtvassbasseng leige i vekedagar | kr 540 per time |
Varmtvassbasseng leige i helg | kr 640 per time |
Offentleg bading vaksne barn Familiar (2 vaksne + 2 born / 1 vaksen + 3 born) |
kr 100 kr 50 kr 200 |
Transport til og frå dagtilboda Vidsteentunet og Sæbø gard | kr 33 per dag |
Landbruk, havbruk og utsleppssaker
Landbrukssaker konsesjons- og delingssaker samt havbrukssaker
For handsaming av konsesjonssaker etter § 1a er det eit maksgebyr på kroner 5 000.(jf. gjeldande forskrift).
For handsaming av søknader om delingssamtykke etter §1 b er det eit maksgebyr på kroner 2 000 (jf. gjeldande forskrift)
Uttale til konsesjonssaker etter Akvakulturlova: Gebyr vert rekna per påløpt time for sakshandsamar. For tida er taksten kroner 1 200 per time, og eit minstegebyr på kroner
4 600.
Parkeringsavgift
Gjeldande betalingssatsar på avgiftsbelagde parkeringsplassar på Bytunet og underetasjen på Bachertunet.
Måndag - fredag
kl. 07.00 - 19.00: Kr 12 per time, inkl. mva. (Anna tidsrom: gratis)
Laurdag
kl. 07.00 - 17.00 Kr 12 per time, inkl. mva. (anna tidsrom: gratis)
Søndag
Gratis parkering
Skulefritidsordning (SFO)
Prisar for opphald:
100 % plass: Kr. 3 307 pr. mnd
80 % plass: Kr. 2 733 pr. mnd
60 % plass: Kr. 2 078 pr. mnd
50 % plass: Kr. 1 791 pr. mnd
Full plass skulefrie dagar kr. 3 755
Full plass sommarope juni kr. 1 545
Full plass sommarope august kr. 2 320
Det er ingen søskenmoderasjon for SFO.
Torgplass - leige av handelsplass på Leirvik Torg
For lag/organisasjonar og næringsdrivande utan fast utsalsstad er det høve til å leiga plass på Leirvik torg for sal av varer.
Du kan tinga plass hos Fellestenester i rådhuset, tlf. 53 49 66 00.
- Pris per rute på 15 m2 (minstepris) per dag: kr 145
- Faste torghandlarar for 60 m2 per år: kr 26 050
- Dersom dei faste torghandlarane einskilde dagar har trong for meir enn 60 m2, skal det betalast full leige for dette etter punkt 1, i tillegg til fast leige.
- Straum til vekt, lys og varme skal, av dei faste torghandlarane, betalast over eigen målar. Tilfeldige torghandlarar skal betala kr 16 per dag.
- For nattoppstilling er det ei avgift på kr. 1 315 per månad for faste torghandlarar, og kr. 48 per natt for tilfeldige.
Avgifta skal betalast forskotsvis per dag eller månad til Fellestenester. Forskotsbetalt avgift kan ikkje krevjast refundert. Avgiftene for torghandel er fritekne for meirverdiavgift.
Utleige av skulebygg i helgar/overnatting
Leigesats for utleige av skulebygg i helgar/overnatting. Satsane vert utrekna med utgangspunkt i kvar skule.
Leigesatsar for utleige av skulebygg i helgar/overnatting |
2018 Ideell |
2018 Privat/kommers |
2019 Ideell | 2019 Privat/kommers |
Auke Ideell |
Auke Privat/kommers |
---|---|---|---|---|---|---|
Pris per person per overnattingsdøgn ved antall opp til og med 100 | 64* | 64 | 66* | 66 | 2 | 2 |
Pris per person per overnattingsdøgn ved antall opp til og med 300 | 50* | 64 | 51 | 66 | 1 | 2 |
Pris per person per overnattingsdøgn ved antall opp til og med 500 | 38* | 63 | 39* | 65 | 1 | 2 |
Pris per person per overnattingsdøgn ved antall over 500 | 22* | 52* | 23* | 54 | 1 | 2 |
*Prisen vert redusert med 20 prosent ved meir enn to samanhengande overnattingar.
Prisen er justert opp med kommunal deflator, 2,8 prosent.
Av den totale utgiftsdekninga skal:
- 20 prosent disponerast av einingsleiar til administrasjonskostnadar
- 60 prosent gå til eininga for dekking av ymse utgifter som gjeld straum, slitasje på utstyr m.m.
- 20 prosent disponerast av Stord kommunale eigedom og gå til dekking av vedlikehald av bygg
Ved brot på ordensreglane for det aktuelle bygget eller ved uforsvarleg bruk av bygget, kan avtale om leigetid avsluttast utan oppseiingstid og leigetakar kan bli fakturert for eventuelle ekstrakostnader.