No syner nettsida badetemp.no badetemperaturane digitalt for Sætravikjo, Ådlandsvatnet, Breivikjo og Sponavikjo.

Det vert teke målingar kvart 5 minutt, men berre sendt oppdatering ved endringar.

Fyrste døgeret hadde sida over 5000 treff så det er tydlege at stordabuen er oppteken av temperaturane i det våte element!

Det er EY Skye på Stord som har utvikla systemet, løyve og rådgjeving frå Stord kommune og praktisk hjelp og montering av Friluftsrådet Vest.