Rørvik har skrive over 40 bøker, mellom anna seriane om Purriot, Reven og Grisungen og Bukkene Bruse. På skulane les han ei av Bukkene Bruse-bøkene, og har deretter trollteikneverkstad med elevane. Det har blitt eit mangfald av flotte troll rundt om på skulane, og sjølv om mange av elevane har høyrd eller lese historia før, er det spenning og engasjement økta ut.

Forfattarbesøket er i regi av Den kulturelle skulesekken (DKS). Den siste tida har det òg vore to lokale utøvarar som har hatt DKS-besøk:

Sunnhordland museum har drive sitt kjende og kjære kystkulturopplegg for 6. trinn på Møllebuo og Jensaneset. Her har elevane fått formidla historie om båtbygging, og dei har prøvd seg på å bygga ein færing i halv målestokk, spikking av nøkkelhaldar, og klinking. 

På 7. trinn held fotograf Øyvind Hjelmen opplegget “Eit magisk møte med lyset”, der elevane byggjer sine eigne kamera, tek og hjelper med å framkalla eit eige bilde. 

Det er veldig kjekt å få visa fram dyktige utøvarar, og ikkje minst at utøvarane får møta dei flotte elevane på skulane på Stord, seier bibliotekar og kulturrådgjevar Runa Nordahl