Besøksheim er ein familie som på oppdrag frå barneverntenesta tek imot eit barn eller eit søskenpar (evt fleire søsken) i helger og eventuelt feriar. Ettermiddagar i vekedagar kan og vere eit behov hos enkelte born. Målsettinga med tiltaket kan variere frå barn til barn, men handlar som oftast om at barnet skal få fleire gode opplevingar, oppleve meistring i kvardagen og få eit større nettverk.

Støttefamilie er ein familie som på oppdrag frå barneverntenesta tek på seg å invitere med anna familie knytt til ulike familieaktivitetar. Dette kan vera ein familie som har behov for litt ekstra støtte i kvardagen til å komme seg ut i aktivitet, som er i behov for integrering eller anna støtte. Målsettinga med tiltaket kan variere frå familie til familie, men handlar som oftast om at familien skal få gode opplevingar og relasjonar i kvardagen, styrke seg som familie og få eit større nettverk.

Kven kan ta oppdrag som besøksheim/ støttefamilie:

Har du tid, overskot og god helse kan du bli godkjent som besøksheim/ støttefamilie. Du må vera ein varm, trygg og omsorgsfull vaksen.

Det vil bli krav om politiattest for oppdraget.

Fritidskontakt: Barneverntenesta har behov for å knytte til seg fritidskontakter. Gjennom samvær og ulike fritidsaktiviteter skal fritidskontakten bidra til at barn og unge med behov for hjelp, støtte og kontakt får ein trygg og meningsfull fritid. Samværet gir høve til personlig vekst. Barnet sitt behov er utgangspunktet for om samværet blir organisert enkeltvis eller i grupper. Fritidskontakten arbeider utfrå avtale med barneverntenesta. Fritidskontakter må ha fyllt 18 år.

Det vil bli krav om politiattest for oppdraget.

Melda interesse

Om du eller din familie er interessert i oppdrag for barneverntenesta, send skriftleg søknad til

Sunnhordland interkommunale barnevern
Pb 326
5402 Stord.

Om du har spørsmål ta gjerne kontakt med May-Britt.ingvaldsen@stord.kommune.no eller tlf 975 52 163.