Stord kommune plar ha èi øving i året. Denne gongen var det Furuly barnehage sin tur. Øvinga var ei papirøving med mål å øva beredskapsplanane til barnehagane.

Målet er å utprøva beredskapsplanar og øving for kommunal kriseleiing. 

Saman med representantar frå Fagavdeling for oppvekst og utdanning, Fellestenester, kommunelege, kommunalsjef, styrarane i kommunale barnehagar og varabrannsjef 2 leia varabrannsjef Jan Ove Anthun øvinga. Senarioet var forsvinning av to barn i sentrum.

- Dette var ei bra øving. Det var veldig realistisk, seier Anthun.

Styrar i Furuly barnehage er glad for øvinga.

- Dette var utruleg nyttig. Me lærte mykje, og det var veldig reelt, seier Trine Hellesfjord, styrar i Furuly barnehage.