Hovedredningssentralen v/politimeister i Sør-Vest Politidistrikt og innsatsleiar frå ulukka med «Viking Sky» på Hustadvika holdt innlegg.  Beredskapssjef i Bergen, beredskapsrådgjevar i Redningsselskapet og rådmannen i Bømlo delte erfaringar frå større hendingar.

Målet med seminaret var at lokale redningsaktørar og leiarar i kommunane skal verta kjende med korleis ei større hending på sjø vert handsama. Det skal drøftast kva konsekvensar den får for arbeidet på land og vera grunnlag for ei seinare lokal øving knytt til MS Sunnhordland.

Beredskapseminaret er på initiativ frå Stord kommune og er arrangert av beredskapsforum Fitjar, Bømlo, Stord og politiet.

På bildet held Paul M. Løchting frå politiet innlegg om sine erfaringar frå Viking Sky hendinga i mars. Løchting var innsatsleiar i dene hendinga.

Arrangementet fann stad i kulturhuset.