Heile skulen har hatt fokus på miljø i samband med berekraftvekene på Stord.

1.trinn har laga figurar av ting som eigentleg skulle kastast. Figurane viser stor kreativitet! Som del av arbeidet har dei laga ein historie om figuren sin. Dei har laga namn på figuren, og blant anna skrive ned interesser og favorittmat om kvar enkelt. Mange har skrive lange tekstar, og ein skulle tru elevane var langt eldre enn første trinn når ein går rundt og les. Me let oss imponera!