Nå er det mykje barnet både kan og vil klare sjølv.

Dei aller fleste barn:

  • går og spring
  • likar å leike, men leikar foreløpig ikkje så mykje saman med andre
  • begynner å ville "klare sjølv", og sei nei
  • set saman to eller fleire ord
  • har ein del språkforståing, her er det viktig å gi barnet tid til å forstå

Barnet ditt treng ein god atmosfære å vaksa opp i. Du er tilretteleggar og rettleiar for barnet, men kan trekje deg tilbake etter kvart som barnet meistrar ting sjølv.

Hugs at det som verkar som bagatellar for deg, kan vera viktig for barnet. Forsøk og setje deg inn i barnet sin situasjon når du set grenser, slik at barnet føler seg møtt og vert anerkjent.

I denne alderen er det og mange barn som får søsken, og som då opplev sjalusi. Det blir ofte stilt for store krav og forventningar til barnet, som du opplev som "stor" i forhold til den nye babyen. Det er viktig at du involverer barnet tidlig i den nye hendinga i familien sitt liv. Samstundes må du ta omsyn til at barnet fortsatt er lite.