TV-aksjonen i år går til organisasjonen CARE som skal skapa eit betre liv for kvinner i nokre av verdas mest sårbare områder. TV-aksjonen skal gje 400 000 kvinner moglegheit til å skapa sin eigen arbeidsplass, bestemma over sin eigen kropp og få si røyst høyrt.

Organisasjonen CARE som har sitt utspring etter 2. verdskrig.  Då ville amerikanske organisasjonar hjelpa Europa som var i naud, og sendte over pakkar med klede mm. CARE Norge starta i byrjinga av 80 talet og jobbar i 13 land.  

Meld deg som bøsseberar 

Registrer deg som frivillig på www.blimed.no eller send e-post til Frivillig.sentralen@stord.kommune.no

Tidspunkt for å gå med bøsse er klokka 16.00 - 18.00 søndag 20. oktober. 

  • Er du under 18 år må du gå i følge med ein vaksen.
  • Ønskjer du å gå saman med ein ven, held det at éin av dykk registrerer seg som bøsseberar.

Har du spørsmål om å vera bøsseberar, eller om kva som skjer rundt TV-aksjonen, ta kontakt med frivilligsentralen.

English:

TV-aksjonen NRK – a Norwegian phenomenon

The NRK Telethon is the largest information campaign and fundraising event in Norway. 

This year's Telethon is happening the 20th of October. The funds raised is granted to CARE Norway. CARE Norway is a non-governmental organization working for long-term development and providing life-saving humanitarian aid. 

Read more about The NRK Telethon here