Den gamle stasjonen hadde avløpspumpene ståande i sjølve innløpssumpen under stasjonsbygget. Mykje teknisk utstsyr stod eksponert for avløpsvatn, - også våre driftsopperatørar. Arbeidsmiljø og HMT var ikkje tilfredsstillande i tillegg til at sjølve stasjonen var utslitt. Sjølve avløpspumpene stod nedykka i avløpsvatn medan ny stasjon no har pumpene ståande tørt og reint i maskinkjellaren under stasjonsbygget. Ny innløpssump står for seg sjølv utanfor bygget.

Tilstøytande avløpsnett til Lyngneset avløpspumpestasjon har dårleg fall. Ved framtidig rehabilitering av dette leidningsnettet, vert fallet betra og innløpet til Lyngneset avløpspumpestasjon dertil djupare. Den nye stasjonen er difor svært djup, - botn er heile 8 meter under bakkenivå.

Under stasjonsbygget står ein sirkulær maskinkjellar der avløpspumpene er plassert i botn av denne. For å komma ned er det laga ei vindeltrapp som heng på innsida av yttervegen til maskinkjellaren. Denne løysinga er unikt utvikla til ei standardisert løysing i eit samarbeid mellom Stord kommunalteknikk og vår pumpeleverandør Xylem AS i Bergen. Standardiseringa gjer det svært enkelt å tinga djup stasjon, nærast berre velja kva djupne me treng. Me sparar mykje arbeid, framdrift og dyr prosjektering ved kvar anskaffelse.

Avløpet frå stasjonen vert pumpa vidare til Grunnavågen, der det framtidige avløpsreinseanlegget for Sagvåg er under planlegging.

Sjå video frå stasjonen innvendig.

TDLtYgFKx 2YAAAAASUVORK 5CYII=
 Kart: Viser plasseringa av Lyngneset avløpspumpestasjon i Sagvåg.