Tid: 9. februar kl 11.30 - 13.30

Stad: kulturhuset

Messa opnar med eit føredrag v/ Lars Mugaas, her vil Lars fortelja om si tid i Stord-idretten. Lars har vore aktiv i turngruppa i heile 77 år og har mange historier på lur. Ikkje minst får me høyre kva deltaking i ein frivillig organisasjon betyr for helse og trivsel.

Me har fått med oss lag og organisasjonar som vil ha stands i vestibylen, dei vil informere om sine mange aktivitetar og tilbod. Bygdekvinnelaget riggar til ein liten kafé, der ein kan få kjøpt seg ein kopp kaffi og noko å bita i. 

Me ynskjer alle seniorar hjarteleg velkomen til ein kjekk formiddag i kulturhuset.