Inspirert av «Stolpejakten» vil Høgskulen på Vestlandet (HVL) saman med Stord kommune og Stord orientering arrangera ei eiga stolpejakt for berekraftmåla.

Studentane på barnehagelærarutdanninga ved HVL Stord har laga korte videoar om kvart av dei 17. berekraftmåla. Når du finn ein stolpe kan du sjå videoen på mobilen ved hjelp av QR-kode på stolpen.

Dette må du gjera for å delta:

  1. Du treng mobiltelefon med smartfunksjon. Last ned appen «turorientering» på mobilen for å registrera deg og sjå kor stolpane står. Rettleiing for bruk av appen finn du her
     
  2. Finn stolpane ved hjelp av karta i appen. Alle stolpane ligg langs veg/turveg og er tilgjengelege både for gåande og rullande.
     
  3. På kvar stolpe finn du eitt av dei 17 berekraftmåla og to QR-kodar du kan skanna med mobilkameraet (som om du skal ta eit bilete).
    - Den eine QR-koden er registrering av at du har funne stolpen.
    - Den andre QR-koden gir deg videoen som studentane har laga. Her får du læra meir om det aktuelle berekraftmålet. Videoane er tilpassa familiar, men dei yngste under 3 år kan ha        utfordringar med å forstå alt.
  1. Alle som finn alle 17 stolpane og registrerar seg via QR-koden vil bli med i trekking av eit gåvekort på 1500 kr frå Sport1.
     
  2. Vinnaren blir kunngjort på Stord kommune si nettside og facebookside.

Me oppmodar om å bidra til utsleppskutt ved å bruka framkomstmiddel som er miljøvenlege.

Lukka te!

Til facebookarrangementet for stolpejakten