På fem år ønskjer me å få ein reinare Hardangerfjord, og treng all den hjelp me kan få. Blir du med som registrert frivillig vil du og ha gratis inngang på konserten Fjorden Aid 16. september i Rosendal. Sjå elles fullt program nederst.

 

Om registrering av ryddeaksjonar

Ryddeaksjonen er framleis under planlegging, men du kan allereie no gå inn og registrere din eller grendalaget sin ryddeaksjon på Ryddenorge.no Alle frivillige som er med, eller tar initiativ til ein ryddeaksjon, må registrera sin aksjon der. Kurs i Rydde finn du her. Bakgrunnen for dette er at me treng å planlegga henting av boss, me samlar inn informasjon om mengde o.l., og forskar på ulike ting knytt til plast i fjorden. Dei ulike initiativene legg inn Rein Hardangerfjord/Framtidshavet som namn på område og organisasjon i Rydde - sjå bilete under:

Utklipp frå Rydde.no

 

Innan veke 20 vil det også koma på plass ein taggefunksjon, der du kan tagge ryddeaksjon opp mot Rein Hardangerfjord. Kvifor er det viktig med denne tagginga av ryddeaksjonane? Jo, fordi me er avhengig av god informasjon opp mot forsking og planlegging av aksjonane. Har du allereie registrert ryddeaksjon i Rydde, kan du også gå inn og redigere informasjon slik at det passar med det som står over.

I Rydde vil de og sjå anbefalte og prioriterte ryddeområder, og der er det best å opprette dine ryddeaksjonar. Ser du at det burde vore prioritert annleis, eller det er område du veit har særs mykje boss, så ikkje ver redd for å melde i frå.

 

Kontakt

I Stord kommune er det oppretta eiga kommunekoordinator som du kan ta kontakt med om du lurar på noko:.

Marlene Sørli

Rådgjevar natur og miljø i Stord og Fitjar kommunar

e-post: malsor@fitjar.kommune.no telefon: 53 45 85 49

 

Om Rein Hardangerfjord i media:

https://www.nrk.no/vestland/skal-rydda-heile-hardangerfjorden-for-plast-1.15883448

https://www.hardanger.com/hardangerr%c3%a5det/nyhende/me-berre-gjer-det

https://nyheteridag.cyou/skal-rydde-hele-hardangerfjorden-for-plast/

https://radio.nrk.no/serie/distriktsprogram-hordaland/sesong/202203/DKHO01005022#t=1h4m53s

 

Det kjem og informasjon i sommarutgåva av Hardangerfjordmagasinet.

Det er etablert eige facebook-arrangement for Rein Hardangerfjord på sida til Framtidshavet, og der vil det kome info med jamne mellomrom.

 

Program

21./22. juni: Kickoff i Rosendal

12.-13. september: Informasjon for skulane - streama arrangement

14. september: Internasjonal Rundebordskonferanse

14. september: Fjorden Ung

14. september: Hardangerfjort Future Club

15. september: Ryddeaksjon i heile fjorden

16. september: Fjorden Aid - konsert til inntekt for saka. Gratis for alle som har vore frivillige

2023 - 2025: Aksjonen gjentar seg