Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Vigsel

Skal du gifte deg borgarleg? Då kan du kontakte oss for å bestille tid og lokale. Gå også inn på skatteetaten.no. for å sende inn dei nødvendige skjema.

Tenesteomtale

Bryllup.topp

Kommunane har ansvaret for gjennomføringa av borgarlege vigslar i Noreg.

Vigseltilbodet i Stord kommune

Det er mogeleg å bli vigde på virkedagar i tidsromet 08.00-15.00 og laurdagar i tidsromet 12.00-15.00, under føresetnad at det er tilgjengeleg vigslar.

Ordføraren, varaordføraren og kommunedirektøren er dei personane som har mynde til å vie par i Stord kommune.

Vigsel kan gå føre seg i kommunestyresalen i rådhuset eller annan sjølvvald stad. Dersom vigsel skal skje utanfor rådhuset, kjem ev. reiseutgifter for vigslar i tillegg til ev. anna gebyr.

Kva må de gjera?

  1. Brureparet må søka om prøvingsattest frå skatteetaten. Dette er det legale dokumentet som vert signert under vigselen. De finn god rettleiing og informasjon på Skatteetaten si side: veien til ekteskapet - steg for steg.
  2. De må bestilla time for kommunal vigsel hjå Stord kommune: kommunal vigsel - registrering. De får skriftleg svar.
  3. De må ettersenda prøvingsattesten til Stord kommune dersom de har fått stadfesta vigselavtale før prøvingsattesten var klar: kommunal vigsel - ettersending av prøvingsattest. De får skriftleg svar.

Gifta dykk i utlandet?

Ynskjer de å gifta dykk i utlandet finn de informasjon om dette på skatteetaten.no.     

Kriterium/vilkår

Det er visse vilkår i ekteskapslova som må vere oppfylte for at ein skal kunne gifte seg. Sjå kapittel 1 i ekteskapslova.

Pris for tenesta

Busette i Stord kommune:

  • vigsel i kommunestyresalen eller sjølvvald lokale på virkedagar mellom kl. 08.00-15.00 kr 0,-*
  • vigsel i kommunestyresalen eller sjølvvald lokale laurdagar mellom kl. 12.00-15.00 kr 2 500,-
    *Dersom vigselen skal gå føre seg annan stad enn på rådhuset, kjem eventuelle reiseutgifter for vigslar i tillegg

Busette i utlandet og som fyller vilkåra for å inngå ekteskap i Noreg jf. ekteskapslova § 12a:

  • vigsel i kommunestyresalen eller sjølvvald lokale på virkedagar mellom kl. 08.00-15.00 kr 0,-*
  • vigsel i kommunestyresalen eller sjølvvald lokale laurdagar mellom kl. 12.00-15.00 kr 2 500,-*
    *Dersom vigselen skal gå føre seg annan stad enn på rådhuset, kjem eventuelle reiseutgifter for vigslar i tillegg

Busette i andre kommunar:

  • vigsel i kommunestyresalen eller sjølvvald lokale på virkedagar mellom kl. 08.00-15.00 kr 1 500,-*
  • vigsel i kommunestyresalen eller sjølvvald lokale laurdagar mellom kl. 12.00-15.00 kr 4 000,-*
    *Dersom vigselen skal gå føre seg annan stad enn på rådhuset, kjem eventuelle reiseutgifter for vigslar i tillegg

Brosjyrar, dokument,
kart og liknande

Lover

Sjå spesielt ekteskapslova kapittel 1 og §§ 11, 12, 12a, 13, 14.

Forskrift om kommunale vigsler
Ekteskapsloven
Forskrift om registrering og melding av vigsel

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

De kan registrera dykk for vigsel i Stord kommune med ein gong de byrjar å planlegga giftarmål. Me reserverer dato og tidspunkt for dykk dersom ein vigslar er tilgjengeleg og ev. kommunestyresalen er ledig. Det er lurt å registrera alternative datoar/tidspunkt.

Prøvingsattesten ettersender de til oss så snart de får den i hende frå Skatteetaten. Den kan ikkje vera eldre enn 4 månader på vigselsdagen.

Skatteetaten sjekkar om de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap, såkalla prøving av ekteskapsvilkåra. De kan søka Skatteetaten om prøvingsattest digitalt. Behandlingstida er likevel inntil fem veker, så ver ute i god tid før bryllaupet.

Skjema og rettleiing finst på skatteetaten.no.
 

Hugs:

  • Original prøvingsattest skal leverast til kommunen.
  • Brureparet må ha med gyldig legitimasjon å visa fram vigselsdagen.
  • De må ha to vitne over 18 år, og dei må vere til stades under seremonien. Vitna er gjerne forlovarane, men må ikkje vera det.

I sjølve seremonien nyttar ein «Det borgarlege vigslingsformularet», som er ein tekst vigslaren les opp. Seremonien kan bli tilpassa med til dømes tekst og musikk ut over dette. Slike innslag må vera avklara i god tid på førehand.

Kommunen sender ei vigselsmelding til Folkeregisteret innan tre dagar etter bryllaupet. Samstundes får de ein rettkjend kopi av vigselboka. Han fungerer som midlertidig vigselsattest inntil de får stadfesting på registrert vigsel frå Folkeregisteret/Skatteetaten.

Kontakt

Fellestenester

Tlf: 53 49 66 00

Tenesta oppdatert: 29.12.2023 13:57