Reglar 

  1. Bålet skal bestå av treverk, ikkje bildekk, pappesker eller trykkbehaldarar. Ein kan ta med papir eller esker om det vert plassert midt i bålet omgitt av materiale som brenn lenge.
  2. Om det er mogeleg å leggja ut ein vass-slange, skal dette gjerast. Om ikkje dette er mogeleg skal det setjast fram bøtter til slukkevatn.
  3. Det må avtalast med grunneigar evt. miljøvernrådgiver om det kan brennast bål i det området det er søkt om å brenna bål.
  4. Dersom det er eit sankthansbål skal bålet vere klart for inspeksjon innan kl.12.00 den aktuelle dagen.
  5. Om det er tørt og vind den dagen ein skal brenna, fell løyvet automatisk bort. Er det tvil om dette, skal spørsmålet føreleggjast brannsjefen. Nærare melding om dette kan verta gjeve i lokalavisa/nærradio.
  6. Når ein forlet bålet skal dette sløkkjast fullstendig. 

Her finn du generelle reglar om brenning utandørs, som kva tid det er forbode å brenne m.m.

Slik melder du frå 

Til meldeskjema for generell brenning utandørs (Du kjem til Rogaland brann og redning når du trykkjer på lenka, det er rett - då me har 110-sentral der)