Sikta langs vegar, fortau, gang- og sykkelvegar og i kurver og kryss vil såleis verta betra.

Tre og greiner som veks inn over vegen sitt eigedomsområde. Varsel etter grannelova (naboloven) § 12.

Med heimel i grannelova (naboloven) § 12 gjev Stord kommune med dette varsel om at tre og greiner som veks inn over vegen sitt eigedomsområde, herunder fortau må fjernast innan 3 - tre veker frå innrykk av denne kunngjeringa. Dersom grunneigaren sjølv ikkje utfører arbeidet vil vegetasjonen verta fjerna maskinelt med grovt utstyr av Stord kommune.

Rydding av vegetasjon utanfor vegen sitt eigedomsområde. Varsel etter veglova § 31.

I dei tilfelle kor Stord kommune ikkje disponerer eit areal på 3 m frå vegkant og det i særlege tilfelle er naudsynt å utføra rydding utanfor eit belte på 3 m frå vegkant (i kurver og kryss) kan Stord kommune med heimel i veglova § 31 krevja rett til rydding av vegetasjon utanfor vegen sitt eigedomsområde. Det vert med dette gjeve førehandsvarsel for krav om slik rett. På stader kor dette vert aktuelt vil særskilt vedtak verta fatta, og grunneigar vil verta kontakta for påvising av ryddingsfelt. Med heimel i veglova § 31 kan grunneigar krevja vederlag for mogelege skader og ulemper som følgje av rydding av vegetasjon utanfor vegen sitt eigedomsområde. 

Rydding av vegetasjon i frisiktfeltet for avkøyring. Varsel etter veglova § 43 jfr. § 42.

Etter veglova § 43 har eigar og brukar av avkøyring plikt til å halda frisiktfeltet for avkøyringa rydda for vegetasjon. Frisiktfeltet skal ryddast i samsvar med dei retningsliner som til ei kvar tid gjeld, sjå temafaldar her. 

Innanfor frisiktfeltet må vegetasjonen ikkje vera høgare enn 0.5 m over vegbana. Dersom rydding av vegetasjon i avkøyringa ikkje vert utført, kan Stord kommune utføra arbeidet for den ansvarlege si rekning, jfr. veglova § 43. Denne kunngjeringa er eit førehandsvarsel for eventuelt vedtak om dette.