Målgruppa er foreldre og andre omsorgspersonar for born i førskulealder (frå 10 månader til 6 år), og skuleborn frå 1. til 4. klasse. Kurset er utforma med tanke på universell implementering, og foregår i grupper over 8 samlingar på 1,5 - 2 timar.

Med utgangspunkt i filmmateriale og refleksjonar rundt Tryggleikssirkelen skal foreldre lære korleis dei kan støtte bornet i to grunnleggjande behov; behovet for beskyttelse og omsorg, og behovet for å utforske og meistre verda.

Gjennom kurset skal foreldre få verktøy og trening i korleis tolke bornet sine signal, og korleis dei kan møte bornets emosjonelle behov. Gjennom kurset vert foreldra inviterert til å reflektere over eigen barndom, og korleis tidlegare omsorgserfaringar påverker dei i foreldrerolla. Gjennom auka medvite og refleksjon kan foreldre gjere medvitne val over kva verdiar og strategiar dei vil ta med seg i omsorga for sitt eige born.

Føremålet med kurset er å gje foreldre eit bedre utgongspunkt for å meistre foreldrerolla, og for å stimulere til sunn utvikling og god psykisk helse hjå sitt born. Kunnskap og refleksjonar som foreldra tileigner seg gjennom kurset er tenkt å vera relevante gjennom heile foreldreperioden. God støtte frå foreldre vil kunne styrke bornet frå starten av utviklingen, og vil kunne vera ein beskyttande faktor for bornet gjennom heile livet.

Her kan du melde deg på: 

Grupper for born 10 månader - 6 år september 2023 - dagtid og ettermidagstid:  kursa er no fullteikna. Nye kursrekker kjem våren 2024. 

Gruppe for skuleborn 1.- 4. klasse september 2023 - dagtid: https://forms.office.com/e/pRPwHg7FfR

Gruppe for skuleborn 1. - 4. klasse september - 2023 ettermiddagstid: kurset har starta opp.

 
Vil du veta meir om kurs i Tryggleikssirkelen anbefalar vi deg å se filmane på nettsida folkOm og Circle of Security International -- Connection - YouTube

 

Har du spørsmål kan du ta kontakt med prosjektleiar: tonje.skorpen@stord.kommune.no