Kva er generelt bålforbod?

I Noreg må alle visa aksemnd og opptre på ein slik måte at brann ikkje oppstår. Dette gjeld alle, heile tida og over alt.

I tillegg har me eit generelt bålforbod frå 15. april til 15. september kor det er forbode å tenna opp bål og grill i, eller i nærleiken av, skog og anna utmark. Brannvesenet kan likevel gi tillatelse til å tenna bål, dersom du søkjer om dette. Sjekk alltid kva reglar som gjeld for kommunen din før du tenner bål.

Stranda vil oftast reknast som utmark og vil då vera omfatta av det generelle bålforbodet. Dersom man likevel ønskjer å tenna bål eller grilla, må man søkja om tillatelse frå kommunen.

Sjølv om det er generelt bålforbod har du lov til å tenna bål der det er opplagt at det ikkje kan starte ein brann. Det skal svært mykje nedbør til for at det opplagt ikkje kan føra til brann.

Ved overtreding av aktsemdsplikta eller det generelle bålforbodet kan man bli straffa med bot eller fengsel.

Kan eg grille i eigen hage?

Viss dun skal grilla på område som er langt unna skog og utmark, for eksempel i hagar eller på tilrettelagde grill- og bålplassar i parkar, gjeld den alminnelege aktsemndsplikta. Dette inneber at du må vera forsiktig, ansvarsfull og bålet må vera fullstendig slukka før du forlet staden.

Viss du brukar eingongsgrill, må du hugsa å vurdera brannfaren mot underlaget. Under eingangsgrillen blir det varmt og underlaget kan fort ta fyr eller bli skada av varmen. Set aldri grillen direkte på bakken.

Er det lov med bål på sankthans?

Du må søkja brannvesenet om å få tillatelse til å tenna opp sankthansbål. Brannvesenet vil i vurderinga si blant anna sjå på kvar det vert søkt om å få tenna bål, brannfaren og værforholda. Brannvesenet kan setta vilkår for tillatelsen. Den som søkjer om å få tenna bål må sjølvsagt også ha avklart med grunneigar at det kan tennast bål.

Tips til trygg bålbrenning:

  • Ta hensyn til skogbrannfare og vindforhold.
  • Det er alltid den som brenn bål som har ansvaret for brannsikkerheiten.
  • Det bør vera ein vaksen, edru person som er ansvarleg for bålet.
  • Bålet må vera i god avstand frå bebyggelse og vegetasjon.
  • Det er ikkje lov å brenna bål på svaberg.
  • Bålet må ikkje vera større enn at du har kontroll på det og kan slukke ved behov.
  • Ha eigna slokkemidlar lett tilgjengeleg.
  • Det er forbode å brenna plast, bygningsmaterial og anna boss.
  • Når du forlet bålplassen skal bålet vera heilt slukka.

På skogbrannindeksen til yr.no kan du sjå om det er fare for skogbrann der du bur.

Oversatt til andre språk: