Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Generelt

Døgnrehabilitering er ein del av kommunens rehabiliteringstilbod. Stord kommune har 5 plassar for døgnrehabilitering. Plassane ligg i 3. etasje i Stord kommunale rehabiliteringssenter.

Brukarane samarbeider med  et tverrfagleg team som består av bl.a. sjukepleiarar, hjelpepleiarar, fysio- og ergoterapeutar og lege. Det er eit tett samarbeid med logoped.

Pris for tenesta

Betaling for døgnrehabilitering er som for korttidsopphald i institusjon.

Til betalingssatsar

Saksbehandling

Tildelingskontoret tek stilling til og avgjer søknaden. Søkjaren, eventuelt verje eller nærmaste pårørande vert kontakta av sakshandsamar for å kartleggja bistadsbehovet.

Tildeling av tenester skjer etter individuell og fagleg vurdering. Søkjar vil få tilsendt skriftleg vedtak.

Du har rett til innsyn i dokumenta som vedkjem di sak. Du kan ta nærmare kontakt med Tildelingskontoret dersom du ønskjer dette.

Høve til å klage

Du har rett til å klaga på enkeltvedtak. Klagefristen er 3 veker frå du har motteke melding om vedtak. Eventuell klage skal sendast Tildelingskontontoret. Dersom du ønskjer det, kan du få hjelp til å skrive klage.

For vedtak etter kommunehelsetenestelova er det Stord kommune sitt arbeidsutval for helse-og sosialsaker som er første klageinstans. Dersom kommunen sitt vedtak blir oppretthalde, blir saka sendt  vidare til Helsetilsynet i Hordaland til endeleg avgjerd.

Kontakt

Tildelingskontoret

Tlf: 53 49 66 00

Send e-post

Tenesta oppdatert: 01.06.2022 14:24