Deltakarane drøfta kva me gjer bra på Stord og kva me kan gjere meir og annleis for å inkludere fleire barn og unge i organiserte fritidsaktivitetar. Det var godt engasjement, og deltakarane kom fram til mange spanande tiltak som det skal jobbast vidare med. No skal kommunen blant anna arrangera temakveldar for frivilligheita, som hadde eit klart ønskje om meir kunnskap og rettleiing når det kjem til barn og unge i sårbare situasjonar. Eit anna forslag var å jobba for at Frivilligsentralen også er ein sentral der ungdommar kan henvenda seg og få hjelp til for eksempel skyss.