Med heimel i lov om kommunale vass- og avløpsanlegg §5, med tilhøyrande forskrifter, samt i tråd med tidlegare informasjon gitt via lokale media, vert det med dette kunngjort kommunestyret sitt vedtak i sak 32/2022: Budsjettrevisjon 1. tertial 2022, der kommunen sine betalingssatsar for vatn og avløp vert auka med 10% frå 1.7.2022.

For nærare detaljar om satsane vert det vist til kommunen sitt oppdaterte betalingshefte, gjeldande frå 1.7.2022. Dette vert lagt ut på kommunen si heimeside.