Kommunen har sett i verk tiltak i samsvar med gjeldande rutinar. 

Kommuneoverlegen som tok prøven er i karantene, noko som i utgangspunktet ikkje har konsekvens for dei han har vore i kontakt med. Dersom vedkomande har symptom og vert testa positivt, vil personar han har vore i nærkontakt med få varsel om karantene.

Kommuneoverlegen vil kunna utføra deler av arbeidsoppgåvene sine frå heimekontor.

Kommunen vurderer fortløpande tiltak som følgje av den nye situasjonen, og oppmodar alle om å følgje styresmaktene sine retningsliner slik at konsekvensane for Stordsamfunnet blir minst mogeleg. Ein minner særleg om at forbodet mot gjennomføring av arrangement også omfattar private samkomer med mange deltakarar.

Kontaktpersonar i kommunen:

Ordførar Gaute Epland, telefon 954 46 307
Rådmann Magnus Mjør, telefon 916 44 039
Beredskapsansvarleg, kommunalsjef Knut J. Gram, telefon 975 52 011