Avdelingane våre finn du ved å trykka på lenker på høgresida, eller nedst på sida om du er på mobil.

Kontakt oss

OBS! Ny rutine for avtale ved besøk. Me ynskjer å gi den beste kvaliteten på tenestene våre. Ved å innføra avtale for besøk får tilsette betre tid til å gje brukarane våre gode tenester ved at ein unngår stadige avbrot i arbeidsdagen. Me handterer personsensitive opplysningar i våre lokale og tiltaket førebyggjer også brot på personver

Har du ein beskjed eller melding til Eining for aktivitet og re/habilitering som påverkar behandling og besøk, ber me deg nytte DigiHelse – innbyggjardialog

Har du behov for kontakt med våre tenester på telefon, gjer du det via sentralbordet på telefon 53 49 66 00.

Er du ny brukar må du søkja om tenester. Søknadsskjema til dagrehabilitering og heimerehabilitering, og søknad om helse- og omsorgstenester finn du lenger ned på sida. Det er Tildelingskontoret som handsamar søknadane.

 

Einingsleiar Kristin Steinsland
Tlf. 53 49 66 95 / 416 94 266
Send epost til Kristin Steinsland

Nestleiar Eunike Risnes
Tlf. 53 49 67 22 / 450 10 444
Send epost til Eunike Risnes   

Sekretær Silje Almås
Tlf. 53 49 67 05 (mån og tors)
Send e-post til Silje Almås 

Besøksadresse

Lønningsåsen 9b
5417 Stord

Postadresse

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord

Om eininga

Eininga organiserer transport for funksjonshemma, frisklivssentral, ulike trenings- og aktivitetstilbod, administrerer varmtvassbasseng og formidlar hjelpemiddel frå kommunalt lager og  NAV-hjelpemiddelsentral.

I 3. etasje på Stord kommunale rehabiliteringssenter ligg avdeling for dagrehabilitering. Avdelinga gjev tilbod om tverrfaglig rehabilitering individuelt eller i gruppe. Målet er å auke eller vedlikehalde funksjonsnivå, slik at ein kan meistre å vera aktiv i eigen kvardag.

Overordna mål for tenestene i Eining for aktivitet og re/habilitering:

  • Fleire er sjølvstendige og aktive i heim, arbeid, skule, barnehage og fritid.
  • Me er brukarorienterte og  legg til rette for at den enkelte får brukt sine fysiske og psykiske ressursar
  • ​Fleire bur trygt og lenge heime der ein har føresetnader for å ta ansvar og gode val for eige liv 
  • Me skal, saman med brukar, utvikle  framtidsretta tenester
  • Me skal spørje om «Kva som er viktig for deg?» når det gjeld behandling, omsorg og iverksetjing av rette tiltak for å møta  brukar og pårørande sine behov
  • Me skal bidra til å utvikla heilhetlige pasientforløp og styrka brukaren si oppleving av meistring og involvering
  • Me tilbyr god kvalitet på tenestene innafor gitte rammer
  • I Eining for aktivitet og re-/habilitering har me eit trygt, positivt, ivaretakande og opent arbeidsmiljø
  • Me viser kvarandre respekt og gjev kvarandre konkrete attendemeldingar
  • Me skal vera ein kunnskapsorganisasjon som legg til rette for læring og kompetanseauke i det daglege arbeidet
  • Me gjev personar under utdanning gode læresituasjonar og fagleg rettleiing av høg standard