Me oppmodar alle til å fylgja nasjonale smittevernsråd og reglar for karantene/isolasjon og ha omsut for kvarandre i befolkninga i ei, for mange, vanskeleg tid. Følg folkehelseinstituttet sine sider for oppdatert informasjon til ei kvar tid. 

Helsestasjon 0-5 år

  • Dei minste barna vert prioritert for å gjennomføra barnevaksinasjonsprogrammet fram til 15 mnd.
  • Me ber om at barnet berre kjem i fylgje med ein vaksen for å avgrensa antal personar og smitte
  • Me vil ikkje gå på heimebesøk i denne perioden me no er inne i, men inviterer dykk til helsestasjonen
  • Helsestasjonen i Sagvåg, Blåbygget vert endra drift på og flytta til helsestasjonen i Myro på Leirvik

Har de spørsmål ikring dette ta kontakt med oss.

Skulehelsetenesta 

Er stengt i denne perioden – ta kontakt med helsestasjon dersom ein treng kontakt med helsesjukepleiaren på din skule, så formidlar me kontakt. 

Svangerskapsomsorga

  • Tidleg i svangerskapet vil me ha telefonisk kontakt og i uke 24, 28, 32, 36, 38 og 40 vil ein ha konsultasjon med jordmor på helsestasjonen.
  • Me ber om at den gravide kjem åleine grunna smittevernhensyn
  • Me vil ikkje komma på heimebesøk i denne peridoen, men samkøyrer denne konsultasjonen etter fødsel med helsesjukepleiar i helsestasjon.
  • Ta kontakt med jordmor om det er noko du treng råd og rettleiing til

Reisevaksine

Me utfører lite reisevaksinering i desse dagar grunna alle restriksjonar og smittevernhensyn. Har du spørsmål ikring dette, eller fylgjer eit bestemt program for vaksinering ta kontakt på telefon 480 78 895.

Helsestasjon for ungdom

Er stengt i denne perioden me er inne i. Men treng du kontakt for å få besvart spørsmål, ta ein prat eller anna ta kontakt

Utekontakten, ungdomskontakten og SLT- koordinator

Er å treffe på telefon for spørsmål, ein prat og/eller avklaringar ta kontakt.

PPT 

Treng du kontakt med PPT tak kontakt med einingsleiar på tlf. 920 64 415

Spesialpedagogisk team 

Treng du kontakt med spesialpedagogisk team tak kontakt med einingsleiar på tlf. 920 64 415

Følg oss på Facebook,