Ergoterapeutane i Stord kommune markerte dagen med utdeling av informasjonsbrosjyrar og lett servering på rådhuset og på Amfi Stord.

Ergoterapeutar har kjernekompetanse om samspelet mellom aktivitet, deltaking og omgivnadar, ein vurderar desse faktorane som viktige for utvikling av helse og identitet.

Ergoterapeutar støttar meistring av daglege aktivitetar på fleire måtar for personar i alle aldrar, dette blant anna ved å tilby trening og rettleiing. Bustadtilpassing og bruk av tekniske hjelpemiddel og velferdsteknologi er og verkemiddel som kan bidra til ein sjølvstendig i kvardag. Demensteam, tilrettelegging på arbeidsplass, energiøkonomisering, samt ulike tiltak for barn og unge er andre tilbod.

I tråd med politiske føringar som ynskjer fokus på førebygging og i tråd med at ein flyttar fleire og meir krevjande oppgåver til kommunane, er ergoterapeuten sitt fokus på å fremja individuelle ressursar og bidra til sjølvstende viktig. Ergoterapi vil og bli ei lovpålagt teneste i alle kommunar frå 2020.