Ergoterapeutar arbeider for at alle skal kunne vera aktive i eigen kvardag og har fokus på å finna meiningsfulle aktivitetar for den enkelte brukar. Ein har fokus på brukaren sine eigne ressursar og begrensingar for å utføra ein aktivitet i større grad enn årsak til utfordringane (funksjonsfall/sjukdom).

Ergoterapeut hjelper til med å finne løysingar når det oppstår eit gap mellom helsa di og krava i kvardagen, og hjelp deg til å finne løysingar slik at du kan utføre dei aktivitetane som er viktige i livet ditt. Ergoterapeuten vil jobbe med å finne løysingar på dei utfordringar og problem du har i kvardagen.

Dei formidlar hjelpemidlar, hjelper med tilpassingar av bustad, barnehage, skule og arbeidsplass og i kommunale institusjonar. Tenesta er ein del av kommunen sitt tverrfaglege habilitering- og rehabiliteringstilbod.

Tilsette

Namn Tittel

Andreas Sirevaag 

Tlf. 53 49 66 88       
E-post: andreas.sirevaag@stord.kommune.no

Avdelingsleiar

Solfrid Skumsnes Dahle

Tlf. 53 49 66 76 / 469 51 877

E-post: solfrid.s.dahle@stord.kommune.no

Ergoterapeut

Anna Lise Sortland

Tlf. 53 49 67 46 / 954 35 154

E-post: anna.lise.sortland@stord.kommune.no

Ergoterapeut

Sara Brosvik

Tlf. 53 49 67 83 / 950 58 950

E-post:  Sara.Brosvik@stord.kommune.no

Ergoterapeut

Bente Bjelland

Tlf. 53 45 45 94        

E-post: bente.bjelland@stord.kommune.no

Ergoterapeut

Anna Elisabeth Lundal ( permisjon tilbake 01.03.19)

Tlf. 53 49 66 87 / 469 32 769

E-post: Anna.Elisabeth.Lundal@stord.kommune.no

 

 

Ergoterapeut

 

Ole Christian Heimly

Epost:  Ole.Christian.Heimly@stord.kommune.no

Ergoterapeut

 

Målgruppe

Alle som på grunn av nedsett funksjonsevne har utfordringar med aktivitetar i kvardagslivet. Behov for ergoterapitenester kan meldast til Tildelingskontoret i Stord kommune. Telefonnummer 534 96600.

Tilvising

Ved behov for teneste kan brukar sjølv kontakta tenesta direkte eller via Tildelingskontoret, skriftleg søknadsskjema til kommunen om «kommunale helse- og omsorgstenester» eller via fastlege. Andre kommunale tenester kan også henvenda direkte ved behov, brukar skal då vera informert om dette i forkant. Kvar tilvising vil verta vurdert opp i mot om ein fyller kriteria for å vera mottakar av tenesta. Alle henvendingar vert handtert og prioritert etter ein prioriteringsnøkkel.