Prisen vert tildelt ein eller fleire personar/einingar som gjennom sitt arbeid eller sine forslag medverkar til effektivisering, fagleg utvikling og/eller betra trivnad/arbeidsmiljø i kommunen. I år gjekk prisen til: 

  • Skogatufto barnehage v/einingsleiar Hildebjørg Røssberg
  • Stord sjukeheim og Knutsaåsen omsorgssenter v/einingsleiar Esther Aasen Bjelland
  • Folkehelsekoordinator Tove Vikanes Agdestein

Grunngjeving

Dette er ein ny måte å jobba på i Stord kommune Det er eit samarbeid mellom ulike einingar, ulike tenestemottakarar og ulike aldersgrupper. Det har allereie vist at det gir ekstra livskvalitet for dei eldre, og for barna i barnehagen viser tiltaket verdien av fellesskap på tvers av generasjonar. Tiltaket har klar overføringsverdi til skular, andre barnehagar og til andre kommunar.

Prisen er kr 10 000 og eit kunstverk med verdi inntil kr 10 000,-

Einingane melder inn forslag sjølv og Driftsutvalet avgjer kven som får prisen.