Dato er ikkje sett enno, men vil bli kunngjort så snart det er bestemt. Me satsar på at det då vil la seg gjere å få til ein skikkeleg folkefest, og håper mange har lyst til å delta. Det vil bli opna for påmelding for lag/organisasjonar og andre så snart datoane er på plass.

Sjølv om arrangementet er flytta, vil det bli nokre aktivitetar i mai som lar seg gjennomføre innanfor smittevernreglane. M.a. er det planlagt kulturaktivitetar for bebuarar på institusjonane og for barnehagar. Kanskje vil det også skje noko i sentrum – som ein forsmak på arrangementet i haust.