Folkehelseforum er eit form for folkemøte med folkehelse som tema som blir arrangert 2 ganger årleg. Denne gong er temaet "korleis gjera Sord aldersvenleg?".

Tid: 5. desember klokka 17.00

Stad: Grand hotell Stord

Program

  • Innleiing ved stortingsrepresentant Liv Kari Eskeland
  • Det vert informasjon om aldersvenlege lokalsamfunn
  • Deretter vert det dialog for å velja ut innsatsområde som er viktige å satsa på i vårt lokalsamfunn

Me ønskjer alle interesserte velkomne. Fritt tilgjenge

Om Folkehelseforum

Forumet skal femna vidt og vere ein ide-dugnad og arena for innbyggjarmeverknad. Folkehelserådet avgjer tema utifrå kva som rører seg i lokalsamfunnet. Du som innbyggjarane kan kome med innspel til tema du ynskjer drøfta i folkehelseforum.