Stord kommune er med i eit Læringsnettverk "gode pasient forløp" og har hatt tett samarbeid med nabokommunar og helseføretak for å utvikla gode pasientforløp. Me har jobba med forbedring av samarbeidsrutiner i pasientforløp og dokumentasjon er vesentleg i dette kvalitetsarbeidet. Onsdag 30. januar var over 200 tilsette i opplæring og kompetanseheving i dokumentasjon.

Fagdagen vart kombinert med stand av innovative hjelpemiddel. Dei fleste ynskjer å kunne bu heime og oppretthalde ein sjølvstendig kvardag sjølv med funksjonsnedsetting. Prosjektet «Godt å bu heime» har fokus på funksjonelle bustadar. Hjelpemidlar kan bidra til gode løysingar for ein sjølvstendig kvardag.

Under kan du sjå bilete frå ulike hjelpemiddelleverandørar.