Løysinga er tilgjengeleg som webløysing og har app for iOS og Android. Sentralen bestemmer kven som skal kunne logga inn og kva tilgangar brukarane skal ha. Løysninga inneheld tre deler der alt ligg inne med eit enkelt grensesnitt og ei pålogging. Her finn du Foreningsportalen.

No er altså Stord frivilligsentral sin portal klar til å presenterast. Me ynskjer at dei som har ansvar for dei ulike laga og organisasjonane kan gå inn og lesa gjennom opplysningane som gjeld deira lag/organisasjon. Me i Stord frivilligsentral har gått gjennom nett- og Facebooksider for å finna oppdatert informasjon om dei ulike laga/foreiningane. I dette arbeidet har me funne ein del manglar hos dei ulike laga/foreiningane. 

Manglar som går att er:

  • Manglande eller feil e-postadresse eller annan kontaktinformasjon. 
  • Manglande informasjon om kor laget/foreiningen øver, trenar eller har samlingar/møter.
  • Mange lag/foreiningar har berre informasjon på Facebooksider, kor fleire av desse er private/lukka og krev passord/invitasjon for å finna informasjon. Dette gjeld også lag/foreiningar som truleg har behov for auka rekruttering. Nokre tilbyr også berre høve til å senda meldingar gjennom Facebook si Messengerteneste. Alt dette ekskluderer mange frå å koma i kontakt med laga/foreiningane.

Me ynskjer difor at dei som førebels er registrert i portalen, kan sjå gjennom kva informasjon som er lista opp og sjølv redigera opplysningane som ligg der. Det er også mogeleg å reservera seg/sletta oppføringa. 
Om det er nokon som saknar laget/foreininga si i portalen, kan desse melda dette til Stord frivilligsentral. Skriv i så fall namn på laget/foreininga, e-postadresse samt namn og mobilnummer til ein ansvarleg for laget/foreininga.

For å sjå eit døme på korleis ei oppføring kan sjå ut, har me plukka ut Songlaget Stordabuen si side  i portalen.

I næraste framtid vil me senda ut ein e-post til alle lag/foreiningar som er registrert i portalen. I denne e-posten vil mottakarane finna passord for pålogging til redigering i portalen.
Om alle gjer sitt for at opplysningane som ligg ute til ei kvar tid er oppdaterte, kan denne portalen vera svært nyttig for innbyggjarane i kommunen, og kanskje spesielt for tilflyttarar som ynskjer å bli oppdatert om kva som finst av aktivitetar i kommunen vår. Dette igjen kan kanskje føre til auka interesse og rekruttering dei ulike laga og foreiningane som er registrert i portalen.
Portalen er sortert på desse kategoriane: 

  • Almenn
  • Barn og ungdom
  • Fagforening
  • Idrett
  • Livssyn
  • Næring
  • Religion
  • Song og musikk
  • Velforening

Me har så langt konsentrert oss om å sjekka/oppdatera almenn, barn og ungdom, idrett, livssyn, religion og song og musikk. Me ynskjer at lag/foreiningar til ei kvar tid oppdaterer sin informasjon sjølv. Dette fordi det er vanskeleg for oss å finna relevant informasjon å leggja ut.