Endre, seie opp, byte barnehage eller oppdatera foreldreinformasjon

Til nye føresette

  1. Lov om barnehagar: § 20 Teieplikt

  2. Dei som arbeider i barnehage har teieplikt om det dei får vita om nokon sine personlege forhold. Med dette meiner ein mellom anna opplysingar om fysisk og psykisk helse, familie- og heimeforhold, bustadforhold, økonomi eller klientforhold til det offentlege.Barnehagepersonalet har opplysingsplikt til barnevernet når det er grunn til å tru at eit barn vert misshandla i heimen, eller det føreligg andre former for alvorleg omsorgssvikt.

  3. Informasjon
    Me nyttar det digitale  komunikasjonsverktøyet MyKid til kommunikasjon mellom barnehagen og dei føresette. Her vil de få informasjon frå barnehagen, i tilegg finn aktuell informasjon på barnehagen si heimeside.

  4. Oppstartsamtale
    Føresette til nye born får tilbod om oppstartsamtale med pedagogisk leiar til barnet. Me utvekslar informasjon og forventingar med meir.

  5. Dokumentasjon frå barnehagedagen
    De finn skriftleg informasjon om kva borna har gjort i løpet av dagen i yttergarderobane. 

  6. Sjukdom
    Born som ikkje er friske no til å vera ute, er i hovedsak ikkje friske nok til å vera i barnehagen. Dersom barnet dykkar har særlege grunnar for å vera inne (  t.d. astma ),  ta kontakt med oss om det.

  7. Medisinering i barnehage, skule og SFO
    Det er i utgangspunktet føresette sitt ansvar å sørgja for at barnet får legemidlar på rett måte og til rett tid. Dersom legen har vurdert at føresette er i stand til å handtera legemidla, vil det i prinsippet innebera at også andre kan yta denne hjelpa under føresetnad av at dei får same informasjon og opplæring som føresette. Det er viktig at barnehagen drøftar og vurderer barnehagen sin kapasitet, og eventuel gjer skriftlege avtalar med føresette i høve medisinering.

    Kommunelegen har utarbeida lokale retningslinjer for medisinering i barnehage. Han har også ei sentral rolle i kommunen sitt arbeid med å utarbeida prosedyrar for handtering av legemidlar i barnehagar, skular og SFO.  

  8. Klede og merking av klede
    For at barnehagedagen skal verta så god som mogeleg for barnet dykkar, er det viktig at det har høvelege kle til å leika i både inne og ute. Kleda bør til dømes ikkje vera for trange, og strikk i regnbuksa til å ha under støvlane, kan vera avgjerande om ein tur vert vellukka.

    Det er viktig at borna har nok byttekle i barnehagen.

    I barnehagen går det mange borna som har like kle, støvlar / sko, matboksar, med meir. Det er difor viktig å merka dette.

  9. Garderoben
    Føresette har ansvar for å halda orden i garderobehylla til sitt barn. Det er god hjelp for oss om de tek heim regnkle og dressar til kvar helg. Då får reinhaldar høva til å vaska litt grundigare i garderobane måndag morgon.   

  10. Når barnet ikkje kjem i barnehagen
     Når barnet er sjukt eller skal ha fri skal de legge det inn i MyKid

  11. Vedkomande frammøte
    Me ynskjer at borna er komne i barnehagen til klokka 09.00, då er frukost ( - om ikkje anna er avtalt ). 

Dagsrytmen

Kl. 06.30 Barnehagen opnar 


Personalet ynskjer velkomen og registrerer frammøte og beskjedar vedr. born på Grøn eller  Raud avdeling

Borna på Maurtua vert ynskt velkomne på avdelinga.
 
   
Kl. 09.00 - ca. 10.00 Frukost på alle avdelingane.
Kl. 10.00 - 12.00 Aktivitet i aldersdelte grupper
Arbeid med prosjekt, forming, musikk og dans, med meir
Dei som har turdag gjer seg klar til å gå.
Kl. 12.00- 12.30 Lunsj
Borna et på kvar sin avdeling 
Kl. 12.30 - 13.00 Borna kler på seg og går ut
Kl. 13.00 - 14.30 Uteleik
Me er ofte ute lenger. Dette er avhengig av ver og årstid.
Kl. 14.30 - 15.00 Fruktmåltid
Borna et frukt / knekkebrød
Kl. 15.00 - 16.15 Valfri aktivitet
Kl. 16.15 Barnehagen stengjer

 

Foreldreråd og Samarbeidsutval

Foreldreråd

Foreldrerådet er foreldre / føresette til alle barna i barnehagen. Foreldrerådet er arena for foreldra til å ta opp og diskutere kring saker dei ønskjer å løfte opp til leiinga i barnehagen. Det er og arena til å diskutere utspel og forslag frå barnehagen som vedgår endringar og større avgjersler i høve alle barna i barnehagen. Foreldrerådet vel to representantar som skal sitje i barnehagen sitt samarbeidsutval (SU). Representantane skal fremje foreldre/føresette sine interesser, og bidra til at samarbeidet mellom barnehage og foreldregruppa skaper eit godt barnehagemiljø. Det er i foreldreråd 27.08.2014 stemt for at representantar veljast for to år om gangen.

Samarbeidsutval

Samarbeidutvalet skal vera eit rådgjevande, kontaktskapande og samordnande organ. Samarbeidsutvalet er sette saman av foreldre /føresette og ansatte i barnehagen slik at kvar gruppe er likt representert. Barnehagen sin eigar kan delta etter eige ønskje, men ikkje med fleire representantar enn kvar av dei andre gruppene. Styrar deltek på møte som informant og referent.

 

Samarbeidsutvalet 2022-2023

 

Sigrunn J. Hystad

Håvåsen 65,  5416 Stord

90732696

  Liv Jorunn Alvsåker

Døso 18,, 5416 Stord

47633054
Vara Anna A. Eriksen Furulyvegen 11, 5416 Stord 90011922
Vara Ingrid Rommetveit

Håvåsen 6, 5416 Stord

93618641
Pers. repr. Reidun S. Saue

Byrkjeland 5, 5412 Stord

91 56 30 32
Pers. repr. Jorunn Hystad

Hystadvegen 166 A, 5416 Stord

95 83 61 39
Eigar repr. Kjetil Eldøy   916 76 168
Vara rep. eigar      
       

 

Tradisjonar og fellesaktivitetar