Endre, seie opp, byte barnehage eller oppdatera foreldreinformasjon

Til portal for barnehage og SFO

Foreldreråd og Samarbeidsutval

Foreldreråd

Foreldrerådet er foreldre / føresette til alle barna i barnehagen. Foreldrerådet er arena for foreldra til å ta opp og diskutere kring saker dei ønskjer å løfte opp til leiinga i barnehagen. Det er og arena til å diskutere utspel og forslag frå barnehagen som vedgår endringar og større avgjersler i høve alle barna i barnehagen. Foreldrerådet vel to representantar som skal sitje i barnehagen sitt samarbeidsutval (SU). Representantane skal fremje foreldre/føresette sine interesser, og bidra til at samarbeidet mellom barnehage og foreldregruppa skaper eit godt barnehagemiljø. Det er i foreldreråd 27.08.2014 stemt for at representantar veljast for to år om gangen.

Samarbeidsutval

Samarbeidutvalet skal vera eit rådgjevande, kontaktskapande og samordnande organ. Samarbeidsutvalet er sette saman av foreldre /føresette og ansatte i barnehagen slik at kvar gruppe er likt representert. Barnehagen sin eigar kan delta etter eige ønskje, men ikkje med fleire representantar enn kvar av dei andre gruppene. Styrar deltek på møte som informant og referent.

Medlem Kjartan Grasdal 958 37 643  
Medlem Alice Aasheim 415 16 562 alice.grand@hotmail.no
Vara for Kjartan Gina Gilje 986 63 960 gina_gilje@hotmail.com
Vara for Alice Wenche McDonnel 415 59 181 wenche.mcdonnel@stord.kommune.no
Repr. eigar Jakob Bjelland 908 27 918 jabj1972@hotmail.com
Vara repr. eigar Else Fredriksen 906 60 374 elsef@hotmail.com
       
       
       
       

Kjartanog Alice er foreldra sine faste representantar inn i Samarbeidsutvalet for Skogatufto barnehage.

Representantane er valt for eit år om gangen.

Dagsrytmen

Det indre livet i barnehagen

Me jobbar kontinuerleg for å tilstrebe ein dagsrytme og ei organisering som kan sikre alle barn eit best mogleg tilbod i høve både den frie leiken og tilrettelagte aktivitetar. Me jobbar for å sikre at alle dei tilsette på husete skal ha best mogleg kjennskap til alle barna, for på denne måten å ha føresetnadar til å møte ditt barn og dei behov det har "her og no". Alle barna har primære grupper som dei er saman med i løpet av dagen. 

Med dette som utgangpunkt, og med omsyn til oppgåver og gjeremål som skal gjerast i løpet av ein dag, samt bygd på erfaringar over tid, har me valgt å organisere dagen vår slik:

Kl 06.30 Barnehagen opnar
Kl 07.30 - 08.30 Fleksifrukost
Kl 09.30 - 13.30 Gruppetid / kjernetid
Kl 10.00 - 14.00    Kviletid for dei minste (tilpassast)
Kl 11.45 - 12.30 Fleksilunsj
Kl 13.30 Fellestid inne / ute
Kl 16.15 Barnehagen stenger
   

Det er fint om  barna kan vera på plass til seinast kl 08.45, og særleg på turdagar då me gjerne går allereide kl 09.00 - 09.30.

Kjem de etter kl 08.45 lyt barnet/barna ha ete frukost før dei kjem i barnehagen.

Fråvær

Hugs å meld i frå til barnehagen dersom barnet tek fri, er sjuk, eller kjem seint. Det kan vera dumt for barnet dersom gruppa allereide er i gong med aktivitetar eller tur når det kjem (for nokre barn kan det vera vanskeleg å komme inn i aktiviteten saman med dei andre dersom dei ikkje er med frå byrjinga).

Byteklede

Det skjer ofte at barna får to utetider i løpet av dagen, det er difor viktig at de har rikeleg med klede tilpassa ulike værforhold, gode sko og byteklede (me har ikkje kapasitet til å tørke klede).

Viktig:

På det jamne kjenner barna til alle tilsette i barnehagen, og me jobbar for å vere til stades for å ta i mot alle barna. Etter at lokala våre no er rehabiliterte ber me dykk levere barna dykkar på gul gruppe for dei som høyrer til Storbarnsteam, Marihøno for dei som høyrer til Småbarnsteam. Me vil alltid gjere vårt beste for å kunne møte dykk, men ber om forståing for at me kan vere nøydt til å bli ved dei barna som allereie er komne, og at de då må følgje barnet dykkar inn til oss. Om ettermiddagen når de henter er det særs viktig at de seier frå til ein vaksen om at barnet / barna dykkar er henta. Etter kl. 15.30 vil de finna oss i skogen dersom me er ute, eller i møtesona/kantina dersom me er inne.

For dei minste barna vil de nok oppdaga at dagsrytmen kan skilja seg noko ut i frå den som er sett opp her, då det skal vera rom for å tilpasse denne gruppa best mogleg i høve til barnas behov gjennom dagen.

Bilete

09.01.- sanseleik.jpg

KNØTTEJUDO.jpg

 

Det snør....jpg

 

Formidling

 

 

venskapleg leik- Marihøno

Naturmateriale som del av barn sin kreative leik.jpg

Mat i barnehagen.jpg

juleby

Det kompetente barnet.jpg

 

 

 

 

 

 

 

Ny i barnehagen

Det er ein første gong for alle; både for barna og foreldra. Her kan de finna litt relevant informasjon.

Besøkstimar

Før sjølve tilvenninga tek til får alle barna saman med sine foreldre/føresette tilbod om å koma på besøk til barnehagen. Desse timane er de på eit leikande besøk hos oss der de får innblikk i våre dagar og vår struktur.

Velkomstbrev                                                        

Personale i barnehagen sender velkomstbrev til alle barna før dei tek til i barnehagen. I brevet vil de finna praktiske opplysningar som dato og tid for oppstart, kven som tek i mot dykk, kva gruppe barnet skal gå på og ei skisse for korleis me legg opp dei første dagane av opphaldet i barnehagen. De får og nokre skjema som må fyllast ut og takast med til barnehagen første dag. Velkomstbrevet vil de få i løpet av siste halvdel av juni månad.

Dei fyrste dagane i barnehagen                   

For mange er det lovfesta rett til fri når barn skal ta til i barnehage og skule. Men, det varierar noko, så sjekk opp med arbeidsplassen dykkar.

Å bruka god tid på tilvenning, kan gje færre utfordringar kring atskilling etter kvart. For å leggja eit godt grunnlag er det fint om mamma eller pappa / andre føresette er til stades. Det er og å anbefale at dei første dagane ikkje vert for lange for barnet. Særskild gjeld dette om barnet syner overgangen til opphald i barnehagen som strevsamt; då må foreldra innstille seg på kortare dagar eller å vere meir til stades enn det me har beskrive i tilråinga vår for dei tre første dagane. I motsett fall der dei første dagane syner seg å gå særs greit, kan barnet gjerne ha lengre opphaldstid enn planlagt.

Slik gjer me det hos oss:

Når

Kva

Innhald

Kvifor

Siste veke før sommarferien

Foreldremøte

Generell informasjon

 

Spørsmål

 

Omvising

Informasjon og dialog for å trygge føresette på barnehagen før oppstart.

I løpet av dei to fyrste vekene i juli

Velkomstbrev

Tid for oppstart

 

Namn på kontaktperson *1 *2

 

Bilete av tilsette

 

 

For å kunne ta i mot barn og foreldre på ein best mogleg måte legg me opp til tilvenning i puljer og til oppgitte tider.

Siste veke før oppstart

Besøkstimar der alle nye barn saman med føresette vert invitert til å kome på besøk i barnehagen til oppgitt tid.

Leik og sosiale opplevingar i barnehagen saman med foreldre

 

Bli litt kjent

Føresette og barn får høve til saman å møte barnehagen og dei tilsette for leik og deltaking i dagen vår. Det er dei føresette som har alt ansvar for barnet dei timane besøket varer.

Barnet sin dato for oppstart

Tre tilvenningsdagar

Klokka 9.30-14.00

Barnet er saman med ein føresett gjennom dei tre første dagane. Føresett deltek aktivt saman med barnet sitt i alt som skjer i løpet av barnehagedagen.

Verte kjend med og utforske barnehagen saman og gradvis tilnærma seg kontaktpersonen og dei andre vaksne. Legge til rette for ei tryggare overføring til barnehage-kvardagen

Ved tilvenning når barnet søv, eller så fort som mogleg/innan 2 veker

Oppstartssamtale

(Utførast av pedagogisk leiar på gruppa) 

Omfattande samtale der barnehagen søkjer informasjon kring alt som har/kan ha vært med på å prege barnet sine første leveår.

For å kunne jobbe for barnet sitt beste og lære det fort å kjenne, treng personale kjennskap til sider ved livet som kan vere med på å prege barnet sin kvardag og utvikling positivt og negativt

Er det elles noko de lurer på, er det hjarteleg velkomne til å ta kontakt.

Tradisjonar og fellesaktivitetar

Det vert markert ulike tradisjonar og høgtider i barnehagen.

Barnehagen har ein viktig rolle som arena for utvikling av kulturell identitet. Barnekultur forståast som kultur av, med og for barn. Barn deltek i kultur og skapar sin eigen kultur. Tradisjonar er med å skape ei kjensle av fellesskap for barna, personale og foreldre. Våre tradisjonar er både i form av samlingar, utflukter og festar av ulike slag. Dei fleste tradisjonane gjeld for barna og personale i barnehagen, men me har og tradisjonar som innlemmar foreldregruppa.
 

Tid Tradisjon Innhald
August Oppstart og tillitsbygging mellom nye barn / foreldre og barnehage Sikre at nye barn og foreldre får ein god start og så snart som mogleg kan kjenne seg trygg i barnehagen
September Brannvernveke

Grunnleggjande kjennskap til brannvern

Brannøving med barna

Oktober Haustfest Prosjekt med fokus på ulikskapar og vår evne til å kunne hjelpe andre. Avsluttast med fest i barnehagen med innsamling av pengar til veldedige føremål / frivillige organisasjonar
November Lysnissefest Me inviterer barna i barnehagen saman med foreldre til kreativ lyktproduksjon i barnehagen, på ettermiddagstid.
Desember - Adventsamling .

- Markering av Lucia

- Kyrkjevandring for førskulebarna

- Grautfest m. fellessamling

Dele og glede

Kultur og tradisjonsformidling

Hyggjeleg samvære for alle i barnehagen

Januar / februar Prosjekt "Samefolket" / kaneval Kultur og tradisjonsformidling
Februar

Markering av samefolket sin dag

Karneval

Mars Barnehagedagen Nasjonal dag med fokus på barnehage, innhald og aktivitet
April

Formidling av påske

Påskefrukost

Kultur og tradisjonar

Fellesskap og hyggeleg samvær

Mai Markering av 17.mail

 

Juni Sommarfest Hyggjeleg samvær og avslutting av barnehageåret

i lavvoen

Foreldrebetaling

Barnehagen følgjer til ei kvar tid fast oppgit makspris i tråd med sentrale føringar. Kostpengar kjem i tillegg for dei som ønskjer å nytte seg av vårt tilbod om mat.