Onsdag 29. januar kl 12 kjem ho til Stord bibliotek under Berekraftvekene for å snakka om historiene om korleis me endrar naturen og klimaet vårt, og korleis endringane påverkar framtida vår.

I bøkene hennar knyter Lunde band mellom historiske hendingar og notid og framtid. I boka Przewalskis hest tar ho mellom anna for seg utryddinga av urhesten, og korleis denne blir rehabilitert. Gjennom å fortelja historier om korleis enkeltmenneske opplever kriser og omveltningar i naturen bidrar ho til engasjement og håp om ei berekraftig framtid.

Redaktør i Framtida Junior, Svein Olav B. Langåker, vil leia ein samtale med Maja Lunde etter føredraget.

Pris: Gratis

OBS! Arrangementet starta kl. 12:15, ikkje klokka 12:00.

Arrangementet er eit samarbeid mellom Berekraftvekene på Stord og Stord bibliotek. Støtta av Fritt Ord.