Alle vassprøvane på det kommunale vassleidningsnettet viser at drikkevatnet har fullt ut forsvarleg drikkevasskvalitet utan avvik på prøveresultata (E.coli og Koliforme). Kimtal er ikkje ferdig analysert før torsdag 27.juni.

Stord sjukeheim: vassprøvar viser at kokevarsel ved Stord sjukeheim vert oppretthalde. Endelege prøveresultat for sjukeheimen er klar i løpet av torsdag 27.juni.