Stord kommunestyre vedtok i juni 2017 friplassordning for elevplass i kulturskulen.

For å søkje må du laste ned og fylle ut søknadsskjema

Friplass vert tildelt etter søknad med vedlagd likningsattest, samt opplysningar om skatteklasse. Eventuelle endringar i situasjonen etter dette må dokumenterast.
Det kan søkjast om friplass for elevar i Stord kulturskule når netto skattbar inntekt i familien er kr 400 000,- eller mindre.
Det kan i utgangspunktet søkjast om 1 friplass pr. elev.


Det må søkjast om friplass for eit og eit skuleår (ved tildelt friplass for vårsemester, må det søkjast på nytt til hausten). Søknadsfrist er 15. desember, gjeld plass for vårsemesteret og 1. august, for plass på haustsemesteret.
Det skal nyttast vanleg søknadsskjema som du finn i menyen til høgre,for å registrera kva tilbod eleven ynskjer å bli elev i kulturskulen på. Skriv gjerne i merknadsfeltet at ein søknad om friplass vil bli sendt inn. Dette søknadsskjemaet om friplass er eit tillegg til den ordinære søknaden om elevplass i kulturskulen.


Har du spørsmål, ta kontakt med kulturskulen på tlf 53 49 69 05 / e-post: kulturskulen@stord.kommune.no  eller ta ein tur innom kontoret vårt i Stord kulturhus, 2. etasje.
Du kan få hjelp til å fylla ut søknadsskjemaet ved å ta kontakt med kulturskulen sitt kontor.