Eitt av tiltaka er å arrangera ei fritidsmesse ved skulestart for elevane på Stord vidaregåande skule. Fritidsmessa vart arrangert for fyrste gong i fjor, og i år blir også elevane på 10. trinn ved ungdomsskulane på Stord inviterte. Prosjektgruppa vil leggja til rette for at lag og organisasjonar som har tilbod for målgruppa i Stord og Fitjar kan få presentera tilbodet sitt for ungdommane. Dette veit me og er ynskja frå dykk som representerer lag og organisasjonar. Det blir lagt opp til open messe etter skuletid, slik at elevar frå dei andre trinna og andre interesserte kan vera med.

Tid 23.08.21 kl. 12:30-17:00 - Stad: Vikahaugane sportssenter (Nyehallen og utandørs)  

Gjeldande smittevernreglar vert teken omsyn til. Me håpar på å kunne arrangere fritidsmessa som planlagt. Eventuelle endringar vert det orientert om undervegs.

Me håpar de har lyst og høve til å informera og visa fram tilbodet dykkar. De får sjanse til å rekruttera nye medlemmar og samtidig bidra til at fleire ungdommar deltek i positive aktivitetar på fritida. Synleggjering av tilboda dykkar er også viktig med tanke på ordninga med fritidskortet.

Spørsmål til arrangementet kan rettast til John Henrik Staveland Sæter på epost eller Margunn Hamre Vassdal .

Lag og organisasjonar i Stord og Fitjar vil få tilsendt invitasjon på e-post.

Her finn du påmeldingsskjema til Fritidsmessa 2021.