Føremålet med ordninga er å fremja frivillig aktivitet.

Frivillige organisasjonar som er registrerte i Frivillighetsregisteret kan søkja på ordninga. Frivillig innsats må vera ein viktig del av verksemda for å søkja. Alle mottakarar av momskompensasjon må vera registrert i Frivilligregisteret innan 1. september 2022. Dette gjeld også dei som søkjer via sitt sentralledd. Hugs at registrering kan ta litt tid.

Merk: Sentralledd har eigne fristar for rapportering frå underledda sine. Sjå den aktuelle organisasjonen sine nettsider, eller ta kontakt med sentralleddet for nærare informasjon.

Det kan søkjast etter to modellar: Forenkla modell og dokumentert modell. Minstegrensa for å søkja etter forenkla modell er 100 000 kroner i søknadsgrunnlag, og etter dokumentert modell er det 7000 kroner i faktiske meirverdiavgiftskostnadar. Grensene gjeld ikkje for underledd.

Her finn de meir informasjon om ordninga og søknadsskjema søknadsfristen er 1. september 2022.